Diverse matoppskrifter frå Bulandet og Værlandet.
Her kjem da oppskrifter på forskjellige kulinariske opplevinger ein kan rekne
med å få servert i ein
Bulandsk eller Værlandsk heim.
Har du ei god oppskrift som du vil dele med resten av lesarane her so må du
sende den inn, så skal
vi distribuere den her.
Oppskrifter kan sendast hit --->
Eg har ei oppskrift eg gjerne vil dele med andre heimesidelesarar.
Oppskrifter frå mesterkokken Bjørn Hundershagen.
|
Øystein Sandøy har sendt oss oppskrift på livretten til Ingvill.
17.04.12 Kylling på potetseng. Dette er livretten til Ingvill, og dermed blir han laga rimeleg ofte når gamlefolket ber ungane på laurdagskvelds. Skjer poteter i passeleg tjukke skiver, og legg dei lagvis i ei gryte saman med løk, kvitløk, purre, salt og pepar. Slå på kremfløyte og matfløyte til det nesten dekkjer. Kok til potetene byrjar å mjukne. Krydre kyllingfiletane med salt, pepar, kyllingkrydder og paprikapulver, og steik dei på god varme nokre minutt på kvar side. Slå potetene opp i ei vid, eldfast form. Krydre godt med estragon. Dekk potetene med riven ost, og ha ytterlegare litt estragon på. Skjer kyllingfiletane i to, og legg dei oppå osten. Set så forma i steikjeomnen på 200 gr. og la stå i ein liten halvtime. Er snautt og enkelt å lage, og eignar seg godt dersom ein er mange rundt bordet. Server med salat, og sjølvsagt god vin. Velbekomme. |
|
Øystein Sandøy har sendt oss oppskrift på god tradisjonsmat. Bokna lange. Dette lærte eg av Isak Stave, som har vore skippar med oss ein del. Bruk helst små, eller litt mellomstor lange. Fisken fileterast slik at ein berre skjer frå ryggen. Buk og øyrebein bør vere med. Skinnet behaldast på. Legg filetane i salt i 2 – 2,5 timar. Deretter skyljast saltet av, og filetane hengjast til tørk til dei er bokna, dvs brukbart tørka, men framleis nokolunde mjuke i konsistensen. I fint tørkever med sol og litt vind tek det berre ein 5 – 6 dagar. Sola og nordavinden heime på vårparten er ypperleg. Filetane bør frysast dersom dei ikkje skal i gryta med ein gong, då dei ikkje er salte nok til å stå seg særleg lenge. Skjer filetane i fine serveringsstykke, og kok/trekk dei i usalta vatn i ca ein halv time. Dei skal ikkje vatnast ut på førehand. Serverast med gode poteter, grønsaker, steikt flesk og ertestuing. Enkel, sunn, og himmelsk god tradisjonsmat. |
|
Øystein Sandøy har sendt oss ei oppskrift på ein dessert han og
fruen brukar til jul av og til. Eignar seg ikkje for
mindreårige. Han ber det merkelege namnet (hald dykk fast) SYLLABUB!
Du treng: Ha sherry, konjakk, sitronsaft og skal i ei skål og la stå natta
over. Sil blandinga over i ei djup skål saman med sukkeret og rør til
det er oppløyst. Ha kremfløyta sakte i mens det rørast, og riv godt med
muskatnøtt over. Visp til det tjuknar, helst med handvisp, for piskast
det litt for mykje, kan det skilje seg. Den skal vere så tjukk at mjuke
toppar kan trekkjast opp med vispen. Fordel kremen i seks porsjonsglas,
gjerne litt høge. La stå kaldt til den skal nytast. Smakar aldeles
nydeleg saman med litt fruktsalat, jordbær eller kva som helst ein måtte
ha i huset. |
|
Lise Landøy har sendt nokre skikkeleg sunne oppskrifter på brød
og knekkebrød. Ho har fått oppskriftene hos ei tante som bur i Kragerø. INGER`S
RUGBRØD : (3 stk) |
|
Lise Landøy-Midtbøen har sendt oppskrift på fondanter. Dette er ei oppskrift på kjempegode fondanter, så gode at det går ikke an å stoppe å ete... :) Lises fondanter: 100 gr kokesjokolade 100 gr smør Blandes i vannbad og avkjøles litt. 2 egg 100 gr sukker Blandes, ikke eggedosis. Sjokoladeblandingen helles i egg + sukker. Tilsett 2 ss hvetemel i blandingen og fordel i 6 store muffinsformer. Stekes på 180 grader i ca. 8 minutter, til kakene sprekker på toppen. Nyt :) |
|
Laila M. Blom har sendt oppskrift på litt sunnare muffins med
fruktose i staden for sukker. 100 g smør 1,5 dl fruktose 2 egg 2 dl kveitemjøl 0,5 dl havregryn 1,5 dl sammalt, grov 2 ts bakepulver 1,5 dl melk Laila har forska endå meir på desse sunne muffinsane. Ho har no forska seg fram til fyljande mjølblanding. |
|
Øystein Sandøy har sendt oppskrift på ei grei, enkel og god
fiskegryte. I same slengen nytta han anledninga til å ynskje alle ei skikkelig god Påske. Fiskegryte. |
|
Øystein Sandøy har sendt oppskrift på nydelig tomatsild.
Sild høyrer med på frukostbordet i
jula. Her kjem ei oppskrift på nydeleg tomatsild. Denne gjev ca eitt
glas, men kan doblast og aukast alt ettersom kor mykje ein vil ha.
0,5 dl tomatpure
0,5 dl ketchup
1 dl 7 % eddik
1 dl soyaolje
2,5 dl sukker
ei halv teskei pepar
2 - 3 løk
2 - 3 spekesildfiletar, passeleg
utvatna.
Kutt sildefiletane i fine, små bitar
og løken i tynne ringar. Varm opp tomatblandinga slik at alt blandar
seg godt, men la det IKKJE koke! Avkjøl. Slå den opp i
glaset etterkvart som de legg nedi silda og løken. Fyll glaset heilt
opp, og legg 2 - 3 laurbærblad på toppen. La stå kaldt eit døgns tid
før den takast i bruk.
Velbekomme.
|
|
Øystein Sandøy har sendt
oppskrift på ei kulinarisk svineribbe han pleie kose seg med ein av
juledagane.
Jula nærmar seg, med alle dei kulinariske utskeielsar som høyrer til. Her hos oss brukar vi alltid å servere svineribbe med sprø svor ein av juledagane. Oppskrifta fekk vi i si tid hos vår gode nabo Reidun Flister, og det er full suksess og innertiar kvar gong.
Prøv! De vil ikkje bli skuffa.
Svineribbe
m/sprø svor. |
|
Øystein Sandøy har sendt oppskrift på seibiffen stuerten ombord i
"Sjøvær" laga |
|
Gunn Torill Finset Fedøy har sendt oppskrift på skikkelig
gode julekjeks.
Ny sort julekjeks denne jula???
Her er ei lettvint og god oppskrift for
dei som likar salt-søte saker.
Det blir 75-80 kjeks av dette.
PEANØTT/NONSTOP-KJEKS
180 g halvmjuk magarin
3 dl sukker
2 egg
5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
250 g nonstop
250 g salte peanøtter
Sett steikeomnen på 200 grader.
Pisk/rør margarin og sukker
"kvitt".
Pisk inn eitt og eitt egg.
Bland det tørre og rør det inn.
Nonstop og peanøtter skal ikkje hakkast opp.
Legg røra med to t-skeier på
papirkledde omsbrett, litt frå kvarandre.
Steikast midt i omnen, til dei
er lysebrune i kanten, rundt 8-9 min. (spørs kor skarp omn de har)
Lukke til !! |
|
Tone Nybø har sendt oppskrift på bakte epler. BAKTE EPLE MED
BÆR (tre porsjonar) |
|
Laila M. Blom har
sent oss oppskrifta på ei gulrotkake ho kan anbefale. |
|
Laila M. Blom har sendt oss oppskrifta på skumbollane sine. Dei som kan hjelpe te med å kreere sjokoladetrekk på skumbollane må berre sende inn oppskrift.
Skumboller à la fru Blom Hilsen Laila M. Blom |
|
Øystein Sandøy har sendt hans og svigerinna Oddbjørg sin måte å
tilberede og servere lammesteik på. Her kjem mi og svigerinne Oddbjørg sin måte å tilberede og servere lammesteik:
Marinert lammelår:
|
|
Øystein Sandøy har ei god oppskrift på laksefilet i folie.
Laksefilet m/skinn, men plukka rein for
bein.
salt/pepar, helst sitronpepar.
persille, purre, dill, andre
krydderurter
seterrømme, evt. creme fraiche eller
godt smør
evt. litt finhakka kvitløk el.
kvitløkspulver.
Ha litt olje på folien, legg fileten
med skinnsida ned, strø godt med salt og pepar. Dekk fileten med alt
det øvrige, og legg rause klattar med seterrømme over. Pakk folien
godt ihop så tett som råd, pass på at han ikkje lek i botnen. Bak i
ovn på ca. 180 grader i omlag ein time.
Server med kokte poteter, agurksalat,
rømme. Ein kan og bruke sennepsaus eller pepperrotsaus.
|
|
Han Hans Kristian Kjempenes har ei spanande oppskrift på
Breiflabbgryte.
Breiflabbgryte:
Steik breiflabben so vanle fisk med
mjøl,salt og pepar.
Ha den opp i ei longpannje.
Lag te saus tå 1 kartong fløyte, 1 boks
Creme Fresh, og ett glas tomatpurre. Ha da opp i ett binnje og visp
da te da har blanda seg. Ditta då t ei follje longpannje me
breiflabb.
Hellj sausn øve fisjin.
Strø øve me paprika tå forsjillige
farga, ferske oppskårn sjampinjong, stekte løk( me litt sokker på
onde steiking), purreløk, gullrøte oppskårne i sjeve. (Kan sikkert
ha på andre godsakje og, her e da bere fantasiinj so stoppa enj)
Sett inj i omna på 120 grade i enj halannja time.
Når da står atte ett kvarter, ta pannja
ut og strø øve m krepsehala og reke, og set pannja inj atte.
Attåt:
Skjer potete opp i båta og rollj dei i
salt og pepar og ha dei på ett brett og set inj i ovna ilag me
flabbinj i vel enj time.
|
|
Ho Anne Britt Sandøy har nokre oppskrifter på julekjeks som ho gjerne
vil dele med oss. Dei to første har ho fått hos Bente Sandøy og "Strassburgerane" hos mor si. Kitty's harde vafler: 3 egg 0,5 hg sukker 4 ss smelta smør 1 beger seterrømme 2 ts natron ca. 1 kg mjøl Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland det andre Kjevle ut. Bruk asjett og skjer rundt. Steik i vaffeljernet. Snadder med kvitost på!! Sarah Bernard: Botn: 250 g malte mandlar 3,5 dl melis 3 små eggekvitar Bland godt. Set med skei på plata og steik ved 180 C i ca 10 min Fyll: 200 g temperert meierismør 3 dl melis 3 eggeplommer litt eggelikør Rør saman. Smør på botnane. Set i frysaren Glasur: 500 g kokesjokolade 3-4 ss delfiafett (kanskje meir) litt kaffi Rør saman. Dypp kakene i glasuren. Kakene bør lagrast i frysaren.
Strassburgere ( 100 stk) |
|
Ho Pippi har oppskrifta til vistnok verdens beste og sprøaste
krumkaker. Krumkaker: 1 kopp smør 1 kopp sukker 1 kopp vatn 1 kopp kveitemjøl 1 kopp potetmjøl 1 egg Rør smør og sukker kvitt, tilsett eit lettpiska egg. |