Signe maten.
Rett som det er, tek eg meg ein
tur inn på heimesidene der vi finn matoppskrifter frå lokale hobbykokkar.
Underteikna har vel etter fattig evne krota ned ein del, og elles finn vi ein
masse snadder som får tennene til å vassflyge. Det er ytterst prisverdig at ein
her får samla oppskrifter som elles gjerne hadde blitt verande innanfor husets
fire veggar.
Men eg må innrømme at eg saknar noko. Det er eldre tradisjonsmat som
foreldre – og besteforeldregenerasjonen vår var ekspertar på. Eg er litt redd
for at dette i verste fall er i ferd med å gå i gløymeboka. Det MÅ ikkje skje.
Saktens finn vi oppskrifter på tradisjonsmat i ymse kokebøker, men det er vel
slik at familiar, bygder, distrikt og landsdelar hadde sin eigen vri på tinga.
La meg gå litt attende i tid. Det kunne vere tidleg på 70 – talet, og
eg skulle inn i Gjelsa til tante Else og onkel Olav eit ærend. Dette var på
hausten, og Olav sto midt i slaktinga. Else ba meg inn, og alt inne i gangen
kjende eg ein aroma som dreiv appetitten
til astronomiske høgder. Else hadde dekka eit utsøkt kaffibord med – høyr, høyr
– nykokte blodpølser. Eg skal love at eg ikkje var tung å be. Kan de tenkje
dykk? Varme blodpølser slik berre Else kunne lage dei, med heimekinna smør og
sirup. O himmelske fryd! Gjett om blodpølsene fekk bein å gå på. Der sat vi,
Else, Olav og eg, og naut ei høgtidsstund hvis make berre kan opplevast i det
hinsidige. Den dag i dag kan eg enno kjenne den utsøkte smaken og følelsen av
intens hygge og velvære.
Det høyrer med til historia at Arnfinn stakk innom døra. Eg har han
sterkt mistenkt for å gjere seg eitt eller anna ærend, for Else sine blodpølser
kunne få ein lam straffange til å bryte seg ut frå Botsfengselet for å få smake
dei.
Eg er brennsikker på at mange heime sit inne med kunnskap og ekspertise
som Lars Barmen og Eivind Hellstrøm ville ha gått over lik for å få del i.
Heimebaka flatbrød, lefser, blodpølser, spannost, grovsuppe, julemat-og bakst, silderettar, fisk i alle
variantar, kjøt og sodd, spekemat, lista er ei mil lang. Kan nokon lære meg å
steikje heimesalta flesk slik at det blir sprøtt og crispy, slik mor alltid
fekk det, og som eg til dags dato enno ikkje har klart å få til. Ver så snille,
Rigmor Norheim, Marit Grepstad, Eli Melvær, Liv Gjørøy, Oddny Sandøy, Kjellfrid
Kjempenes og så vidare i det uendelege: La oss få del i den uvvurderlege
kunnskap som de sit inne med. Kokebøker er greie nok, men ingen ting kan måle
seg med den konduite og fingerspitzgefuhl som sit i hovudet og hendene til
Ingrid Espelid Hovig sine sanne åndsfrendar i Bulandet og Værlandet.