Oversikt
over båtar som er registrert på heimesidene til Shetland Museum.
Her kan ein sjå
heimesida til Shetland Museum.
Shetland Museum er gjenåpna og det
er også heimesidene. Øystein Sandøy har vore inne og sjekka, og gitt oss
gode tips om korleis ein kan søke etter norske båter. Teksten under er direkte
kopi av mail frå Øystein.
"Som
de har sett, så er heimesidene til Shetland Museum gjenåpna etter å ha
vore til omarbeiding ei tid. No kan ein igjen finne arkivet over eldre norske
fiskebåtar, men noko omarbeidde. Rekkefylgja er annleis, det ser ut til at dei
no er ordna etter datoen bileta vart tekne.
Det ser ut til at serien startar rundt 1960, og går heilt fram til vår tid.
Det er no
10 bilete på kvar side. Det er 286 sider; 2852 bilete alt i alt. Mange har lita
interesse, mellom anna bør ein bla seg fram til ca side 25 før det dukkar opp
kjende båtar.
Prosedyren
er stort sett den same. Skriv shetland-museum.org.uk på adresselinja, klikk
deretter på "photo archive", deretter "collections", og
skriv så "norwegian" i søkefeltet oppe til høgre. Her er og ein del
søkemotorar som sikkert kan brukast av datakyndige folk.
Bileta
kan no forstørrast til full skjermstorleik, og då blir kvaliteten ein heilt
annan. Eg har ikkje gått over alt i hop, men det ser no litt enklare og greiare
ut"
Rune Thistel har vore so snill å sende oss
direkte link frå biletarkivet, til Shetland Museum, og til båtar som har
tilhøyrlighet til øyane
GouldDollar
Værland
GretaElin
Hillersøy-exBrimøy
Hillersøy-exBrimøy(2
Hillersøy-exBrimøy(3)
SjøværSF-6-A
Vestervon-SF-84-A
Svært gamalt bilete av Sjøvær. Sjøvær SF-30-B