Nytt serveringstilbod i Bulandet
I dag, den 6. juni 2005 opna Nikøy A/S den nye kaféen sin. Små og store hadde møtt opp for å få seg kake og kaffi.
Klikk ein gong på bileta so vert dei større.
Reidun var svært kry og glad i dag, noko ho hadde all grunn til! Det er eit kjempefint lokale dei har fått til. Bygdefolk og turistar har fått eit flott tilbod som kjem til å bli mykje nytta i tida framover.
Her har vi to damer som har gjort sitt til at den nye kaféen i dag er ein realitet. Det er ho Jorunn og ho Konstanse. Begge to såg svært fornøgde ut i dag.
Her har vi ei av medarbeidarane, ho Nina Kjempenes. Den andre Nina ville ikkje på Internett, sa ho. Elles såg vi at ho Eli Sandøy var i full sving bak disken.
Kafégjestar
Det er kanskje nokon som lurer på kvifor heile ungdomsskulerua er på kafé midt på dag. Det er Kurt sin feil. Han er i Nordsjøen og då må den andre heimesidejournalisten trå til. Og sidan ho har ein liten bijobb som lærar i tillegg til heimesideskrivinga, so var det ikkje anna å gjere enn å ta med seg heile gjengen på kafé... Vi må jo vere i begivenhetenes sentrum heile tida.
Den tallerken med stroganoffgryte som han Knut her kjem berande på, gjekk ned på høgkant. Han Steinar viser at han kan sitte fint når han er på kafé. Han Frode kan da òg, ser vi.
Legg merke til dei fine kunstverka på veggane. Dei er det 7. klasse som har laga i lag med Frida.
Bente og Marit synst da e kjempekjekt med ny kafé!