Galleri Havblink. |
|
Galleri Havblink ligg i det kvite huset
bakerst på bildet. |
|
Galleri Havblink vert drive av Vivian Vatnøy, og galleriet ligg på
Fedøy i Bulandet. Utstillinga består av foto, maleri, trykk, smykker av glas, figurar og tekstilbileter med fiskeskinn. Kunstnarane som er utstilt er både lokale og meir perifere. No er da ikkje so at kunstnarane er utstilt då, men bileta deira kan du finne her. Dei lokale består av Vivian sjølv. Ho lagar tekstilbileter med fiskeskinn. Da spesielle her er at alt utanom bakgrunnen er laga av fiskeskinn. Lars Grepstad stiller ut foto. Både over og under vatn, og nord og sør for ekvator. Han har ei eiga heimeside som viser meir av bilda hans. Sjå linken ----> http://www.grepstad.no Kristin Nikøy stiller ut akrylmaleri og figurar ho lagar sjølv. Dei
perifere kunstnarane er for tida: |
|
Galleriet har ope kvar dag frå 12:00 til 16:00 i tidsrommet 20.juni til 19.august. Desse tidene er berre retningsgjevande, ein kan få omvisning kor tid som helst på året ellers. Ho Vivian er heller ikkje nøyen på klokka, men ho ser vel helst at da kjem folk på dagtid/kveldstid og ikkje nattestid. Vil du ha ei omvisning utanom åpningstida so er da er berre å ringe ho Vivian på tlf. 57 73 21 04 eller mobil 47 75 54 61 Du må klikke ein gong på bileta for å sjå dei i større format.
Ein gjer merksam på at bileta er avfotograferte eller scanna her på
heimesida. |
|
|