Ukjente bilder frå Bulandet og Værlandet. Ved ein høveleg anledning får de plassere besteforeldre og oldeforeldre framfor PC'n for å sjå om dei kjenner navn på nokre på desse bilda. :-) |
Er da nokon som veit kven som er på bilda så må de gje beskjed. Send mail til ---> webansvarlig@bulandet-grendalag.org Eller berre stopp oss i veien og sei kva de veit. :-) Er det nokon som har gamle bilde frå Bulandet og Værlandet, der motiva er ukjende, så berre gje beskjed så kan vi legge dei ut her. Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita. |
Er da nokon som har bilde og historie frå frå tidligare dager, da treng ikkje være so gamalt, so kontakt oss heimesideskrivarane. Da er berre so kjekt å legge sånt ut på nett. |
Eit bilde teke på Alden eingong for lenge sida. Maria Norstrand står der i blomstrete kjole, mens resten av gjengen er ukjend. Er det nokon som kjennes ved dinna gjengen her?
|
Bilde frå bryllupet til Morten og Jensine Kjempenes i 1932. Ein del
er kjent, men mangler en god del navn. Er det nokon som veit navn på
resten, så er det berre å gje beskjed. Under bryllupsbildet finn ein
oversikt med nummer på personane. Dei kjente/ delvis kjente er: 1: Tenold frå Vik i Sogn, 2: Kjømesteren frå Tviberg, 3: Andreas Kjempenes, 4: Johan Kjempenes, 5: Andreas Vesterås, 11: Morten Kjempenes, 12: Prest er Halvard Søvde, 13: Truleg Morten Andreas Kjempenes, Kjempen.14: Jensine ( Herland) Kjempenes, 18: Ole Madsen ( far til dei i Håsteinen) , 19: Karine Marie Herland ( søster til brura Jensine, seinare gift Nordheim, mormor til dagens Kari Helen Blikås) 20: Lars Teodor Herland ( bror til brura Jensine, klokkar i Vilnes kyrkje i mange år og viden kjent for si fine songstemme) , 24: Asmund Melvær ( far til Jardar), 25: Kolbein Melvær, 26: Magnus Melvær ( bestefar til Rigmor), 27: Alf Melvær.
|
Eit bilde teke ved Bulandet Kyrkje sånn ca. midt på 1960 talet.
"Skrue"-huset er under reparasjon og har fått innsett nye vindauge,
kanskje ett hint til tidsangivelse. Det er ei eller anna høgtid i kyrkja
sidan båtane har flagd. Bryllup, komfirmasjon eller dåp ? Er da nokon
som veit tid, navn på folk eller båter skal tru?![]() |
Ett bilde teke frå Musevågen eingong før i tida. Da hadde vore kjekt å få ett hint om årstal og navn på båtane. Da har vore litt problem med å sende mail frå heimesida, så vist du får problem med da, så berre send til alfred.bamse@ enivest.net. Det er den einaste adressa eg ikkje har problem med :-) Båten heiter truleg "Mons", og den kjøpte Paul hos Nikolai Thistel. ![]() To bilde frå tidleg 1950 talet eingong. På fyrste bilde så er han til venstre Bjørn Thistel og han helt til høgre Karl Kjempenes. Han som står i kvit skjorte til høgre er truleg Sverre Mathisen og han i kvit skjorte til venstre er kanskje Arvid Gillesøy. Jentene er det ingen som veit navn på. Bildet nederst er frå same søndagsturen, og jentene er like ukjende. karen i midten er Atle Norheim. Er det nokon som kan navna på alle desse personane? Send mail til ---> webansvarlig@bulandet-grendalag.org
|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() Her er ein del ukjende bilder som befant seg i ein album som Edvard Kjempenes ( skruen) hadde opprinneleg. På det første bilde stod det LANSM under bildet, som sikkert betyr Landsem og er eit etternavn som blei brukt i Alden. |
Her er bilder av ukjente som var i albumen til Ingolf Fedøy. Nokre kan komme frå Kumle og nokre frå Værlandet og nokre kan ha reist til Amerika. Men alle har ein eller anna forbindelse til Ingolf. Dei to siste bilda har lik bakgrunn, så dei kan kanskje være tett i slekt og bilda være tekne på same tidspunkt. På bilde av første jenta står det Vadøy, men ikkje noko meir. |