Reiarlaget Sjøvær Havfiske A/S
Reiarlaget vart opprinneleg
grunnlagt i 1963, då Jostein, Torbjørn, Oddmund og Anton
Sandøy kjøpte den 81 fots kuttaren ”Zeta 1” frå eit reiarlag i Herøy på
Sunnmøre.
Han vart omdøypt til ”Bulending”, og var i familiens eige fram til 1971.
Anton Sandøy trekte seg ut, og
dei tre brørne Sandøy kjøpte i 1971 den 90 fots kryssaren
”Sjøvær” frå eit dødsbu i Bremanger. Han var bygd i tre i 1957. Drifta
føregjekk med seigarn
om vinteren, rundfisk på våren/sommaren, og håfiske resten av året.
I 1976 kontraherte brørne
Sandøy sitt fyrste nybygg, 106-fotaren ”Sjøvær” hos Solstrand i
Tomrefjorden. Denne var av den sokalla ”Joffre-typen”, og vart levert i
januar 1977.
Drifta var den same, og reiarlaget hadde svært gode år, særleg i slutten
av 70, og byrjinga av 80-åra.
Spesielt seigarnsdrifta gav gode resultat.
Våren 1986 fekk karane eit
tilbod om salg av ”Sjøvær” til eit reiarlag i Canada. Tilbodet var so
godt at ein valde å slå til, dermed forsvann ”Sjøvær” ut av landet.
Reiarlaget gjekk i tenkeboksen
for å finne ut om ein skulle satse på ny båt, vi vart samde om å gjere
akkurat det.
Generasjon nr. 2 kom no inn på eigarsida, og brørne Sandøy trekte seg
litt ut av den daglege drifta.
Dagens ”Sjøvær” vart kontrahert hos H&E Nortveit i Hardanger, og levert
hausten 1988,
forøvrig i eit byggesamarbeid med Fjellmøy-reiarlaget i Måløy.
Båten er oppdatert og fornya
jamt og trutt, sist i 2000, då kom ny hovudmotor, hjelpemotorar, gir,
propell, samt at fryserikapasiteten vart utvida. I tillegg vart
autolineanlegget utvida, slik at vi no har
plass til ca. 280 line. Fryserikapasiteten ligg på ca. 10 tonn/dag.
Driftsåret fylgjer det gamle
sporet. Vi dreg ombord seigarn kloss over nyttår, og er fullt sysselsett
med dette fisket til ut mot slutten av mars. Dette har som regel gitt
gode resultat, sjølv om prisane
har vore jamt lave. Clouet er at kvotane på dette fiskeriet er
alminneleg bra, utgiftene er atskilleg
behagelegare enn ved linefiske, og dessutan har ein då torsk/hysekvoten
spart til hausten.
Vi er 13 mann på dette fiskeriet, som nok kan vere tidvis hardt og
arbeidskrevande.
Vi skifter 4-5 mann mellom kvar tur, alt etter ynske frå mannskapet
sjølv. Tommelfingerregelen er at
av 6-7 turar med garna, så har kvar mann 1-2 friturar. Turane er på ca.
14 dagar.
Garnsesongen 2002 gav ein mannslott på ca. 2.200 per mann/dag.
Vi prøver å sy saman 3 – 4
rundfiskturar før vi gjev oss i kast med torsk og hyse. Siste åra har
det
gått på eit vis, i kraft av at vi har satsa ein del på isalangemarkedet
til Sverige. Dette har gitt ein liten
meirgevinst, sopass at resultatet per tur har vore til å leve med. Når
det gjeld torsk, hyse og sei, so
har vi kjøpt litt tilleggskvote, slik at vi no har faktorane 1,5 på sei,
1,5 på hyse, og 1,18 på torsk.
Dette er tatt som ei rein rederiutgift, mannskapet blir ikkje belasta
for kvotekostnad.
Båten er heimehøyrande i
Bulandet, men Måløy er basen som vi arbeider ut i frå. Vi har vore
velsigna
med eit godt, stabilt mannskap over fleire år, med forholdsvis få
utskiftingar. Så sant det er mogeleg,
så prioriterer vi folk frå Bulandet. Ikkje på grunn av idealisme, men
ganske enkelt fordi historia fortel
oss at dei mest trufaste og stabile finn vi akkurat her. Skipperar er
fetterane Jonny og Øystein Sandøy,
maskinistar er Terje Sandøy frå Bulandet og Terje Midthjell frå Måløy,
kokkar er Rune Refsnes og
Kjetil Myklebust, begge frå Måløy. Vi har ca. 19 mann i systemet totalt.
Bekvemmelegheitene ombord er
rimeleg gode, men kan ikkje måle seg med dei nyaste båtane.
Vi har plass til 15 mann, dei er forlagt på 1- og 2-mannslugarar, 2
lugarar deler dusj og toalett.
Messa vart oppattnya i 1998, er ikkje so stor, men har gode fasilitetar.
Båten kan vere litt uroleg i
sjøen, men har stor stabilitet, og er trygg og god på alle måtar. |