Flyfoto frå Bulandet teke i mai og juni 1961

Steinar Bauge i Askvoll har ein heil del gamle flyfoto av Bulandet.
Disse fotoa har han vore so snill å dele med alle oss lesarane av heimesida for Bulandet Grendalag og Værlandet Vel.

Er da noken som kan gje meg navn på båter vi ser og andre kommentarer so send
gjerne eit ord til  webansvarlig

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.
 

Bjørnøyna

Bjørnøyna sett mot nordvest

Hillersøyna. Ein ser huset til Erling Hillersøy, som eg trur Rolf eig no.Bjarne Hillersøy har begynt på tomta til sitt hus

Hillersøyna.Ein ser gamlehuset til Olai'en som brant ned året etter.

Hillersøyna. Vassbassenget og nordover Bulandet.

Sandøyna. I huset som er avmerka buddeAnton Sandøy. Andreas og Kitty held på å byggje på mot sør. Ein ser og restane av peilestasjonen tyskarane hadde under krigen.

Sandøyna. Same motiv som forrige bilde berre frå ein annan vinkel.

Sandøyna

Sandøyna

Sandøyna

Sandøyna. Nesten heile Sandøyna i eit bilde.

Sandøyna

Sandøyna. Heile Sandøyna i eit bilde

Sandøyna

Sandøyna

Nikøyna sett frå vest. På fiskemottaket held dei på enten å rive eller bygge på taket. Butikken er ikkje bygd enno.

Nikøyna frå ein litt annan vinkel.

Nikøyna. Arvid Nikøy budde her i dei dager

Fedøy, Nore Gjelsa og Gjørøy

Fedøyna og Nore Gjelsa frå ein litt anna vinkel.

Fedøy. Det var vel Andreas Fedøy som budde her då. "Havblink" ligg ved kai.

Fedøyna sett frå søraust. Det er trulig "Fedøy" som ligg ved kai der.

Norheim. Det var vel Alfred Norheim budde i huset som er innringa, no er da Dina Norheim som eig da.

Norheim

Melværen. Gamlehuset som no er rive.

Melværen der han Jardar og ho Eli held hus no.

Melværen. Endå meir fokus på huset til Jardar og Eli.

Gjørøyna, huset der Leonard budde i dei dager.

Gjørøyna sett mot nord

Nore Gjelsa, Gjørøy og Gjørøylykta.

Gjørøyna. Gamlestaua

Gjørøyna

Hågøy. Her kan ein og sjå omtrent dei einaste trærne som var i Bulandet på dei tider.

Hågøyna.

Hågøyna frå ein litt annan vinkel.Det er truleg "Buehav" som ligg der.

Hågøyna. Gamle fryseriet.

Likjenikøyna

Likjenikøyna frå ein litt annan vinkel.

Likjenikøyna frå endå ein litt annan vinkel

Grånåsa,Skjæret mot nordvest. På austsida ligg "Mågøy". Ved kaia på Pynten ligg "Leikaren", og på Holmen ser ein "Buesund".

Grånåsa. Båtane på sørsida har svart ring i skorsteinen og det betyr at dei har kvalkonsesjon, truleg er det to båter frå Fedje som ligg å venta på at nordavinden skal gje seg.

Skjæret og Grånåsa. Ein ser og gavlen til Kåre Gjørøy, navnet på båten veit eg ikkje.

Gamleskulen, Pynten og litt av Vadøyna.

Gamleskulen frå ein annan vinkel.

Gjelsa og Gjørøyna i bakgrunnen

Gjelsa. Pynten.

Halsøyna. Gamleskule i bakgrunnen. På Vadøyna ser ein og Gjirkjehuset, det stod heilt til ho Heidi begynte å eksprimentere med fyrstikker i sin spede ungdom

Halsøyna. Huset der Håvard og Anbjørg bur i dag.

Solholmen.

Holmen og Vadøy. Ein ser mange folk rundt fjøsen på Vadøy. Eg synest eg høyrer dei prate: " Er da ditta forbaska lakseflyet so fer å flagra oppe i lufta no atte". "Havdur" ligg i fjæra, og ein kan sjå rester av den enno. "Breidablikk" ligg ved kai.

Billeholmen der Richard Breck budde då, før familien Halvorsen tok over.

Holmen. Da skal ikkje forundre meg om snekka i bakgrunnen er på vei i full fart mot Svarteskjæret for å stenge laksenota. Da er ikkje lett å sjå forskjell på laksefly og eit truskyldigt fotofly.

Kjempeneset med kapellet

Vadøyna. Gamle telegrafstasjonen står enno. Malvin Hillersøy budde vel i huset ein ser i 1961. Båten "Breidablikk" ligg ved kai.

Vadøyna.Vaineset, ein ser den flotte hagen som var der i dei dager. Båten ved kai veit enn ikkje navnet på, men det var ei skjøyte som var leigd frå Bremanger.