Norske Kvinners Sanitetsforening er ein partipolitisk uavhengig og
frivillig organisasjon som arbeider for eit bedre samfunn både i
nærmiljøet, i landet vårt og internasjonalt. Bulandet Sanitetslag
vart starta i 1962. Vi støttar gode formål som organisasjonen
arbeider for sentralt: Kreftsak, reumatisme, psykisk helse,
kvinnehelse m.m.
I nærmiljøet har vi stått
som byggherre for Bulandsheimen, med kommunen som støtte. Vi har
gitt pengestøtte til Temaparken, kyrkja, veglys,
symjebassenget,barnehagen og kjøpt medisinsk utstyr til utlån. Vi
har og støtta Askvollheimen med pengebidrag. Vi lagar kosekveldar
for eldre og deler ut frukt på skulen og i barnehagen.Alle i bygda
over 70 år får ei blomsterhelsing til jul. I 2004 starta vi opp
Bulandet styrketrening i Fiskarheimen. Der kan ein mot litt betaling
drive generell trening og ellers trene seg opp att etter skader
eller operasjoner. Vi håper fleire vil nytte seg av dette gode
tilbodet slik at vi kan oppretthalde det.
Kvart år i november har vi
basar, vi sel fastelavensris, kløverlodd og julemerke for å skaffe
inntekter til laget. Vår og haust har vi foreining på Bulandsheimen,
ca kvar 2 -3 veker.
Bli medlem i Saniteten! Så
får du moglegheit til å påvirke saker du brenn for i nærmiljøet og
samtidig eit fint sosialt fellesskap.
Hovudmedlemskap: Kr 325,00
pr år Kr 100,00 går attende til lokallaget
Støttemedlem : Kr 225,00 pr år Kr 50,00 går
attende til lokallaget
Ein får då 5 medlemsblad,
Fredrikke, pr år. Bladet inneheld forskjellige interessante
medisinske artikla
Saniteten sitt motto er: OMTANKE I NÆRMILJØET
Påmelding til Gunnveig Hillersøy på telefon 57732127 |