Forskningstur til Atløy 21.04.2013
Bilder frå då eg var på forskningstur til Atløy i Askvoll
Kommune, for å finne ut korleis Atløy virker.
Eg traff masse kjekke folk og fant ut at Atløy virker helt perfekt.
Det står tekst under kvart bilde.

Eg starta forskningsturen på Atløy, med en tur innom
rådhuset til Askvoll Kommune.
Der veit eg at det er mykje kjekke folk, og mykje
fint å studere.
Her har eg funne tak i Nina som putler med økonomi og slikt.
Skikkelig kjekk og fin jente, så på rådhuset trives eg godt.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her har eg komme meg ut på Atløy og sit på toppen av ei
gammel viking grav. Det er ein god del av denne sorten på Atløy.
Det er ett
stort søkk øverst i grava, som tyder på at den er åpna og røva forlengst.
I
skikkelig gamle dager gjekk skipsleia gjennom sundet her, og det var nok
fristande å stoppe opp for grave litt i ein gravhaug, sånn i forbifarten.
I
skogen i bakgrunnen ligg det ei viking grav som er enda meir spesiell og lagt
ein del arbeid i å lage. Den skal eg besøke seinare.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Langs svaberga på sørsida av Atløy er det mange
helleristninger.
Dei er ikkje lett å sjå, så du må vite ka du leiter etter. Her
er eg og Torill Vårdal på jakt etter helleristninger, og det fant vi fleire
plasser.
Her trur eg at eg må snakke litt med dei som har med slikt å gjere i
Askvoll Kommune, synd at slikt er usynlig for dei fleste,
men samtidig ett
problem vist for mange veit om det og kjem å ødelegg.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her har eg funne ei helleristning som kan sjå ut som en
båt, vist en ser med kreative auge.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Torill Vårdal har skikkelig greie på alt som har med
Atløy å gjere, og ho var eg så heldig å ha som guide på Atløy.
Ho ville ikkje ha
nåke bilde nærbilde av seg sjølv, endå så fin ho er, men eg fekk lov å ta bilde
av hendene hennars.
Her viser ho med kystlav, som ikkje er så skjelden. Berre
slik at eg skulle sjå forskjell på anna skjelden lav.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er en skjelden lav, som berre finnest få plasser
langs med kysten.
Den heiter Randprikklav, og finnest på Atløy og sikkert litt
her og der i Askvoll Kommune.
Mykje skjelden her i kommunen min.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her på denne øya her, sør for Atløy hogg dei hauet av
folk helt til på siste del av 1700-talet.
Så sette dei haue på en stake, slik at
det skulle skremme folk. Skipsleia gjekk like forbi, så alle sjøveisfarende såg
haua på holmen.
Det vekte vel mest avsky og var nok glømt når dei kom til
nærmaste havn. Slike virkemiddel har vel aldri virka i positiv retning.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her sit eg ved inngangen til Løvehola, der det er funne
rester av flintstein og steinalder ting.
Hadde eg vært steinalderbamse så meiner
eg bestemt at dette er ein plass eg kunne tenkt meg å bu òg.
Høgt under taket,
så røyken kan gå ut uten å forpeste folk, god utsikt og tørt inni.
Så er det
litt småholer i nærheten, der en kan plassere svigermødre og litt forskjellig.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er eg ved Vilnes Kirke, som blei bygd i1674, etter
at den gamle kirka brann opp.
At den er gammel merka ein når der ringer i
klokketårnet, då hoppa benkane og folka som sit der i takt med klokka.
Vilnes
kirke var kirke for øyane i Askvoll Kommune i mange hundre år.
Mange gleder i
bryllup og barnedåp, og mange sorger i begravelser og når båter gjekk ned, til
eller frå kirka og vestover.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Under steinkorsen ved Vilnes kirke skal etter sagnet
Atle Jarl ligge begravd.
Steinkorsen er truleg hogd ut i steinbrota i Hyllestad,
der dei laga mange steinkorser og kvernsteiner i gamle dager.
Korsen har sikkert
vært mykje høgre i utgangspunktet, men løye med da, etter ein del hundre år med
vedlikehold og
flytting så hender det at ting knekker av, som før så no.
----------------------------------------------------------------------------------------------------

Ved Vilnes Kirke står det og ein del store steinblokker som ingen har ett
godt svar på korleis havna her.
Gamle segn fortel om troll som kasta stein på
kvarandre, men det er vel ein heller tvilsom teori.
Nyare teorier meiner at
kanskje det er inspirert frå Keltisk kultur, dei hadde vist ein tendens til å
plassere steinblokker på denne måten.
Det er ikkje så langt til Skottland, så
kanskje det blei utveksla litt kulturell inspirasjon i skikkelig gamle dager.
Det er tross alt ikkje meir en ca. 10-14 tusen år siden en kunne spasere over
til Skottland,
og etter det så har en utveksla kultur og tradisjoner begge
veier.
Foreksempel så er manageren min filleonkel til fleire skotske etterkommarer, og
på kjøkkenet har han ein vatnmugge han
knabba på en pub i Skottland i 1977.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her studerer eg fjellet Brurastakken på Atløy i Askvoll
Kommune.
Brurastakken er helt spesiell, den har vært landemerke for sjøfarande i
tusenvis av år og er en såkalla våt draum for alle arkeologer.
Brurastakken skal
eg utforske nøye litt seinare.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her slapper eg av på ei gammel bru på vei opp til en
plass som heiter Sætre.
Jammen viste dei å lage steinbruer i gamle dager, mange
storflaumer som har gått under her, men brua er like fin.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i elva mellom Hærlandsvatnet og Herland var det ett
kvernhus i gamle dager. Her sit eg sånn midt på der kvernhuset var.
I elva ligg
det fleire kvernsteiner, men dei er ikkje så lett å sjå no når det er så masse
vatn i elva.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litt oppforbi Herland, mot Hærlandsvatnet, finn en ein stein med to bolter i.
Det er ikkje så mange som veit kvifor boltane er her, men Torill Vårdal viste
det, og no veit eg det,
og snart veit alle i Askvoll Kommune som les dette, det.
I gamle dager skar dei is på Hærlandsvatnet og førte det ned til Herland. Det
var sikkert som mange andre plasser der dei dreiv på med slikt,
dei hadde
sikkert ishus i Herland som dei fylte opp med isblokker, og så selde dei resten
til andre plasser.
Slike ishus var godt isolert og dei beste ishusa beholdt isen
til over sommeren.
På Fanøy utenfor Flora står ett slikt ishus den dag i dag.
Når dei hadde kjempa isblokkene frå Hærlandsvatnet og ned hit, så var det
løypestreng frå boltane og ned til havna i Herland.
Nederst her stod det nok ett
ishus, og det venta nok båter som var klar til å ta imot isblokker som dei kunne
selge videre andre plasser.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På øya med ett enkelt tre på, drog dei opp nøter for
tørking i gamle dager.
Bak ser vi Hindøyna, der det var gjestehus og litt at
kvart i gamle dager, når all transport gjekk sjøveien.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Gamle fiskemottaket på Herland, og gammel butikk og
gammel båt.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Skikkelig moderne fiskebåt frå Herland, Sjøglans.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På toppen av veien når en kjøyrer til Høyvik på Atløy,
i Askvoll Kommune, så ser en ned til ein gapahuk ved Hærlandsvatnet.
Her går det
an å overnatte vist du har sovepose med. Kanoer og villmark finn du rett utenfor
døragotta.
Vatnet er fullt av fisk og naturen full av opplevelser. Er du av den
ekstra pinglete sorten, så er da berre 10 minutters springetur opp til veien og
bilen.
Men skulle du være av den pinglete sorten, så vil eg berre nevne at
einaste bamsen i området er meg, og eg er særdeles ufarlig.
Andre skumle dyr
finnest ikkje i nærheiten, og uansett så ville dei blitt oppdaga på ferja når
dei ikkje kunne betale for biletten.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På slutten av 1800-talet og begynnelsen at 1900 talet
var det mykje gruvedrift i Askvoll Kommune, deriblandt på Atløy.
Frå Svanøy til
Hyllestad går det ei koperåre langt nede i jorda, men den dukker opp til
overflata her og der,
blandt anna i Grimelia og i Gjervik på Atløy.
Her befinn
eg meg i ei gruve med dobbel inngang. Det går an å ta kano innover og gå resten,
det er nemlig masse vatn i inngangen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er inngongen til ei gruve.
Det langt inn til enden
på gruva, så det er lurt å ta med seg dugelig med niste vist du har tenkt å gå
helt til enden.
Det er sikkert lurt å være litt språkmektig også, i tilfelle du
kjem ut en plass der dei snakka ett anna språk.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her sit er i Sauesundet og ser bort på ferja som går
mellom Atløy og Askvoll. Om nokre år satser eg på å sitte her omtrent å sjå på
ei nybygd bru.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i Sauesundet er det 25 meter breidt på det
smalaste, og her rauk Olav den Heilage og Håkon Jarl ihop i år 1015.
Det seiast
at skipa til Olav den Heilage låg på kvar side av sundet med tau imellom seg.
Håkon Jarl trudde det var vanlige handelsskip, så han og følget hans rodde
mellom skipa, så drog dei opp taua og skipet til Håkon Jarl var fanga.
Håkon
Jarl fekk valget mellom å få hogge av seg hauet eller å reise til England. Håkon
valgte å putle seg til England med hauet i behold.
Her i Sauesundet var og første damskipsstoppestaden i Askvoll Kommune, før den
blei flytta til Prestøyna i 1861, ei lita øy litt nærmere fastlandet.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En lang dags forskning på korleis Atløy virker gjer at
en blir både svolten og tørst.
Det er ikkje nåke problem, for her på Atløy har
dei stor fin Jokerbutikk som inneheld alt en treng.
Her drøser eg litt med
butikksjefen sjølv, Bjørn Arne Mjåseth.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det er ikkje berre butikksjefen på Jokerbutikken på
Atløy som er koselig å drøse med, kundane er like kjekke dei òg. Fine er også.
Bjørg Vilnes har kjøpt seg Solo brus som ho skal kose seg med i helga.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ved Atløy Skule har dei en skikkelig fin ballbinge som
er i flittig bruk.
Mens eg var der så var den full av kjekke unger som gjerne
ville prate med meg.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjekt å treffe kjekk og sprek undom. Eg trur foresten
det er berre kjekk og sprek ungdom på Atløy og i Askvoll Kommune ellers.
Har i
alle fall ikkje treft nokre slabbedaskiske slappfisker ennå, på mi forskning på
korleis Askvoll Kommune virker.
Det var en kjekk spreking til i ballbingen, men
han måtte heim rett før eg kom. Han hette William eller nåke i den dur.
Dei kjekke og spreke undommane er frå venstre:
Camilla Hugøy,
Mathias Vilnes,
Serine Mathea Mjåseth,
Daniel Vilnes Gjervik,
John Håvard Herland og
Jan Reidar Grane.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Så har eg putla meg inn i Atløy Kulturhus, her skal dei
ha revy i morgen og 20 års jubileum for åpning av Kulturhuset og skulen.
Dei
skal ha dans og revy og feiring heile helga. Men når det blir for mykje moro, så
nekter selvfølgelig manageren min meg å være med.
Eg skal få være med på slik
generalprøve til revyen " Flammedanserinna" , og å helse på skuespelarar, d
ei
"bak" scena og litt av dugnadsgjengen i kveld.
Her studerer eg handlaget til
jentene som skreller poteter til middagen i morgen, jammen gjekk det fort og
effektiv unna.
Eg tilbydde meg å hjelpe til, men heldigvis sa dei nei.
– med
Grethe Sund og
Aud Grøneng.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her forstyrrer eg Britt og Irene, som er med i
dugnadsgjengen på kjøkkenet.
Jammen trivelige jenter å forstyrre, og eg lovde å
komme tilbake å forstyrre så fort eg får tid.
– med
Britt Evelyn Norstrand Kjørvik og
Irene Iversen.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her koser eg meg i sofaen med to av skuspillerane. God
bamsemat har dei funne fram til meg også.
– med
Marit Sellevoll Leirvåg og
Reidun Landøy.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Han Jens Tore syntes at eg blei litt vel kosete med
jentene, og heller burde konsentrere meg om maten.
Både eg og Marit og Reidun
oversåg han galant.
– med
Jens Tore Askvold,
Marit Sellevoll Leirvåg,
Bamsegotteri og
Reidun Landøy.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Skuespillerinna Mona Karin får ett lite lag med sminke
av sminkøsa Heidi Beate. Så får eg en liten dasj med sminke på snuten eg òg.
Ett
av mine store kompleks er at eg har en litt usynlig snute, men det fiksa ho
Heidi Beate fort.
– med
Heidi Beate Solheim Grane og
Mona Karin Herland.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her får eg litt sminke rundt auga også, i lag med han
Edvin.
Eg foreslo for Heidi Beate at ho burde sminke manageren min og, slik at
han for en gangs skuld kunne verte litt fin.
Men det hadde ho ikkje tid til,
siden då kom sikkert heile helja til og gå med.
Eg tenkte for meg sjølv at då
måtte da sikkert til litt omfattande plastisk kirurgi i tillegg,
men det torde
eg ikkje sei høgt siden manageren min var der òg.
– med
Edvin Landøy og
Heidi Beate Solheim Grane.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Meg og skuespillaren Dagfinn, mens Heidi Beate sminka
for harde livet i bakgrunnen.
– med
Heidi Beate Solheim Grane og
Dagfinn Mjåseth.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Meg og skuespillerinna Reidun Landøy i ett rolig
øyeblikk i sofaen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Meg og Marit tek en liten sånn pep-talk ( eller ka det
no heiter) før generalprøva skal starte.
Ho Marit er helt rolig, mens eg er litt
sånn nervøs før ei generalprøve, og då skal eg berre være tilskuer.
Ho har nerva
av stål ho der Marit. Bak er han Edvin nesten ferdigsminka.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Meg og skuespillerinna Grete Herland. Ho er helt rolig
ho også, mens eg er smånervøs endå eg berre skal være tilskuar.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Jammen trivelig å menge seg med fine skuespillerinner.
En ting eg må gjere oftare.
Her er eg og Lisbeth Herland, ho har stålkontroll ho
òg.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Torill Høyvik i full konsentrasjon mens ho vert sminka.
Ho lurte litt på kem som sneik seg opp i fanget hennars mens ho sat der å blei
sminka,
men ho blei beroliga når ho hørte at da berre var meg.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Meg og Guro Høyvik, ei smilande lysmesterinne med full
kontroll.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Lydsjefen Richard og suflørske/rådgiverske Gunn Elin
har full kontroll dei òg.
– med
Richard Herland og
Gunn Elin Sætre.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Skuespillar Sigmund får litt ekstra leppestift før han
skal på scena.
Sigmund konsentrerer om å stå iro, Lisbeth konsentrerer seg om å
smørje på leppestift, mens eg konsentrerer meg om helt andre ting.
– med
Sigmund Herland og
Lisbeth Herland.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Sigmund hadde tre flotte barnebarn som skulle sjå på
generalprøva.
Sånne anledninga lar eg ikkje gå frå meg, så eg måtte selvfølgelig
egle meg innpå dei.
– med
Malin Herland,
Julie Herland Sund,
Stine Margrete Sund og
Sigmund Herland.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er dei fleste skuespillerane klar til å starte på
generalprøva.
– med
Mona Karin Herland,
Dagfinn Mjåseth,
Heidi Beate Solheim Grane,
Jens Tore Askvold,
Torill Høyvik,
Reidun Landøy,
Sigmund Herland,
Roald Vårdal,
Marit Sellevoll Leirvåg og
Gunn Elin Sætre.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En litt sånn småromantisk sekvens. Sigmund er på
frierføtter, og eg skjønna han godt.
– med
Marit Sellevoll Leirvåg og
Sigmund Herland.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litt drama i familien.
– med
Jens Tore Askvold,
Mona Karin Herland,
Dagfinn Mjåseth og
Torill Høyvik.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Endå litt meir drama i familien.
– med
Mona Karin Herland,
Grete Herland,
Jens Tore Askvold,
Marit Sellevoll Leirvåg og
Torill Høyvik.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er liksom ett punkt i revyen der eg vil tru alle
held på å le seg ihjel. Eg gjorde det i alle fall. Eg lo så eg held på å skvette
på meg og omgivelsane ,
men det var jammen bra eg ikkje gjorde for under meg sit
lyssjefa Guro og sufløska Gunn Elin.
– med
Jens
Tore Askvold og
Edvin Landøy.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Store forklaringsproblem i familien.
– med
Grete Herland,
Jens Tore Askvold,
Mona Karin Herland og
Edvin Landøy.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Andre akt har begynt og eg må snart reise heim.
Manageren min må rekke siste ferja. Skikkelig irriterande, for dette er en
kjempekjekk revy som eg gjerne kunne tenkt meg å sjå slutten på.
– med
Roald Vårdal og
Lisbeth Herland.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Før eg reiser videre så må eg ha meg en liten tur bort
å kikke på lydmannen Richard Herland og sjå ka han putler på med.
Han har en
haug med spaka han dreg i for å få rett lyd.
For en tonedøv bamse er da
vanskelig å forstå, men eg hørte no i alle fall at lyden var perfekt heile tida.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Lysmesterinna Guro og sufløsa Gunn Elin hadde full
kontroll, som resten av gjengen.
Eg måtte nett bortom å forstyrre litt før eg
reiste heim.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Så må eg takke for meg og sei hada for denne gongen.
Eg
er en skikkelig oppbrelt bamse som er vant med å være midtpunkt i enkver
forsamling, men denne gangen måtte eg melde pass.
Gunn Elin var så opptatt at ho
hadde ikkje tid til avskjedsklem, ho berre pekte på utgangsdøra.
Men neste gang
eg treffer ho så må ho til pers med klemming.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------