Forskning på Stongfjorden 05.06.2013

Litt bilder frå då eg forska på korleis Stongfjorden virker, på bursdagen til manageren min.
Eg hadde med meg ei levande historiebok som heiter Malmfrid Stang.
Ho gjekk/sprang rundt heile Stongfjorden med meg, og viste meg alt som finnast i dag og for ca. hundre år sidan.
Konklusjonen min er i alle fall at Stongfjorden virker skikkelig fint, som alle andre plassa i Askvoll Komune.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.

Eg starta forskninga på korleis Stongfjorden virker, med å besøke Stongfjorden skule.
Her studerer eg ett skulebilde frå 1936, då var det 80 elever her.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her tester eg ut en skulebenk frå skikkelig gamle dager, og studerer ei bok som fortel alt om gamle dager i Stongfjorden.
Det var blant anna første plassen i Norge det blei starta aluminiumsverk.
Slike skulebenker hadde manageren min når han begynte på skule, så denne skulebenken er nok frå skikkelig skikkelig gamle dager.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her forstyrrer eg elevane i matpausen. En trivelig gjeng.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En eldgammel koksovn framfor nasen, og en moderne PC under rompa. Ny og gammel tid i klasserommet.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Endelig ei regnemaskin som eg òg forstår meg på.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Jammen masse bøker i biblioteket, men ingen med meg.
Det fiksa eg sjølvsagt, så no finnes det informative Alfred Bamse bøker her også.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein modell av Stongfjorden, som skuleelevane har laga. Sånn såg det ut i gamle dager, Begynnelsen av 1900-talet.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Endå en modell av Stongfjorden og Eidsfjorden og Staveneset. Jammen er dei flinke med modeller her på Stongfjorden Skule.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg og lærer Håvard og guida mi, Malmfrid, koser oss med litt kaffi og kjeks i matpausen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På trappa til skulen, der bilder frå 1936 blei teke. Skikkelig trivelig gjeng med elever og lærerer.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Stongfjorden Barnehage ligg i same bygningen som Stongfjorden Skule. Her er eg på besøk for å forstyrre dei i matpausen òg.
Endå så flink eg var til å forstyrre, så var dei like blide og fornøgd.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er jammen en kar som er glad i agurk.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Resten av gjengen i barnehagen. Men nå må eg gjere meg ferdig med forstyrringa, og forske litt på resten av Stongfjorden.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Dei siste som hadde industri her i huset til aluminiumsverket var Helle Fabrikker, som lager kniver.
No held dei til i Holmedal, òg i Askvoll Kommune Her sit eg i kantina, der det no er utstilling, og studerer aluminiumsdingser.
Under siste verdenskrig dreiv tyskerane aluminiumsfabrikken, og dei tre siste båtane fullasta i aluminiumsdingser gjekk frå
Stongfjorden februar 1945. Alle blei senka på vei sørover.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Inne i hallen der det eingong var masse industri. Hylla der arbeiderane sette på plass korta sine heng her ennå.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Industri hallen er sørgelig tom.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg er på vei for å sjå badehuset som aluminiumsverket laga til arbeiderane sin.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her var det badehus, der arbeiderane kunne dusje seg og diskutere dagen.
Sånn som huset er no, blei det bygd i 1930, men alt tidligere var det enkle dusjer her.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En typisk dusj frå 1930, det var 3 slike her i huset.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En gammel telefon som er utstilt i "Baden".
Den stod oppe ved demningen under krigen, slik at dei kunne ringe til damvokteren og be han springe for livet i tilfelle det var flyangrep på gang.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i "Baden" er det masse historisk utstilling òg.
I dette rommet var det garderobe, og her sat ein å venta på ledig dusj.
Kver fredag fekk alle i bygda tilgang til dusjen, og alle ungane i bygda måtte til pers under dusjen.
Det var ikkje vanlig med dusj engong i veka på 1930-talet, så ungane i Stongfjorden var nok dei reinaste på mils omkrets i dei dager.
Eg vil gjerne i den forbindelse nevne at manageren min blei bada i en stamp, med vatn som blei varma på en komfyr, kvar fredag fram til 1970,
så han fekk nesten sjokk første gong han såg en dusj.
Men han har altså vært flink til å halde seg rein etterpå.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i Stongfjorden var det en aktiv gjeng som dreiv nåke som heiter Internasjonal Godtemplarorden.
Sånne lokallag hette losje, og dei dreiv med å få folk til å slutte å drikke sånn alkohol.
Losjen blei dreven etter nærmast militære regler, med mange grader. Her er eg, og slikt som dei kalte "regalier".
Den kvite er for menige, og så blei det meir og meir farge og krusseduller på regalien, etter meir og meir sjef dei var.
Eg trur nok at manageren min aldri hadde klart å bli menig eingong.
Bilde av losjehuset " Skålefjell" har eg litt lenger ute i reportasja mi.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Aluminiumsverket laga fotballbane oppe i dalen over Stongfjorden, som var flittig i bruk.
Her er diplom frå 1936, då Stongfjorden vart kretsmester i fotball på den bana.
Folk frå Holmedal brukte òg den bana mykje, men dei måtte gå over fjellet først, så dei var vel utslitne før dei kom fram.
Bilde av fotballbana har eg litt lenger ute i reportasja mi.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Vatnet frå demningen blir no brukt til kraftproduksjon av Sogn og Fjordane Energi AS, når oppgradering til nytt kraftverk blei utført hette
utbygger Ytre Fjordane Kraftlag.
Her står den gamle kraftturbinen, godt synlig frå veien forbi Stongfjorden.
Opprinnelig skulle turbinen knusast i småbiter, men ho Malmfrid Stang blei så sint at ingen turde anna enn å ta vare på den.
Ære være Malmfrid for det.
Midt på turbinmotoren har ett måsepar bygd reir. Eg studerer reiret litt, mens måseparet flyg rundt i bakgrunnen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ett måseegg fint dantert midt på kraftturbinen. Sjølv om eg er skummel bamse, så et eg ikkje opp forsvarslause egg, så eg berre kikka litt.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Malmfrid og meg og kraftturbin og bekymra måse.
Det er barn eller barnebarn av den opprinnelige måsen som bur her no, den første måsen som bygde reir her på slutten av 1990 talet,
var direkte livsfarlig, den pikka folk i skallen vist dei kom for nær.
Det er sjølvsagt mulig at måsen er litt meir forsiktig i dag, siden det er en skummel bamse i nærheiten.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nedover her kom røyrgata med vatn i gamle dager. Fire røyr.
Det kjem vatn ned frå demningen no til dags og, til den nye kraftturbinen som befinn seg bak veggen, bak ryggen min.
Men den er gravd ned i bakken.
Bilder av heile veien frå demning til kraftturbin, har eg seinare i reportasjen min.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her låg ett stort hus dei kalla Messa. Det var ett stort to-etasjers hus som blei reve på 1970-talet.
Det var spisemesse og bustader for aluminiumsfabrikken. Seinare blei det og helsesøster og doktorkontor.
Blandt anna så gjekk alle skulebarna her og fekk høyfjellsol ein gong i veka, og då snakker vi om tilbakers på 1930-talet.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her oppe i lia ligg inntakskammeret for vatn frå demningen oppe ved Stongsvatnet.
Herfrå gjekk vatnet i fire røyr ned til kraftstasjonen ved aluminiumsfabrikken. Inntakskammeret er restaurert og vel verdt ett besøk.
Frå baksida av inntakskammeret går det sti innover til demningen. Til høgre ser vi Hønsehagen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Hønsehagen krev en reportasje for seg sjølv. Her er det vinkjeller og restaurantlokale, her er det intimkonserter og mykje løye.
Det er så mange fine detaljer her, at du kan studere ei heil veke og vel så det, og stadig oppdage nåke nytt.
Sunnfjord GeoCenter held til her óg.
Eg traff to kjekke jenter her som viste meg litt rundt, June og Mille.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg og June og Mille utenfor Hønsehagen. Flotte jenter, flott plass og flott utsikt. Her må eg nok tilbakers ved ei seinare anledning og studere meir.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er sjefane sjølve på Hønsehagen og Sunnfjord GeoCenter, ekteparet Synne Lindgren og Einar Alsaker, nokre eldsjeler uten like.
Her over Hønsehagen er det skikkelig flott lokale for møte og kurs og seminar og sånne greier.
Både Synne og Einar er travle folk med en uhorvelig masse jern i elden, men eg klarte no å mase meg til å få være med på intimkonsert og
 geologisk tur til Brudastakken på Atløy seinare i år.
Så må eg få lov å unnskylde manageren min for at dette blei ett dårlig bilde, sola stod rett imot og manageren min hadde dårlig tid fordi han skulle nå
ei ferje. Eg har no kjefta på han for sikkerhets skuld i alle fall.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nedfor Hønsehagen står ett rødt hus som og inneheld masse historie.
Forfedrene til Einar Alsaker dreiv snekkerverksted her, og av alle ting så var dei en av Norges største kleshengerprodusenter.
Det gjekk strålande, helt til dei begynte å produsere kleshengera av plast.
Har du en kleshenger av tre hengande i skapet ditt, så kan det godt hende den blei produsert i dette huset.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her oppe i lia stod det til sammen fem hus, med 24 husvære for arbeidarer på aluminiumsfabrikken. Det blei kalla "Gata".
Husa stod frå huset vi ser her og til venstre (Nordover). I 1927 brant to hus opp, og det blei bygd ett nytt hus.
Huset vi ser her er det som blei bygd oppigjen, som erstatning for dei to som brant ned.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er losjehuset der Godtempler-gjengen heldt til. Det blei kalla "Skålefjelltun" etter Skålefjellet, og blei bygd i 1936.
Under 2.verdenskrig så okkuperte tyskerane huset, og som "herrefolket" hadde for vane, så overlet dei det meste når dei reiste, som ein ruin.
Huset stod, men innhaldet var så som så, men det fiksa bygdefolket i løpet at etterkrigsåra.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Inne i Losjehuset er det skikkelig flott lokale til både konsert og møte og teater og litt koseprat mellom en bamse og Malmfrid.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Flott sånt galleri er det óg her inne i Losjehuset.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Høgt heng eg, men sur er eg ikkje. Eg er en liten tur opp i trafokiosken frå 1928, som nokre eldsjeler held på å restaurere.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

I 1928 fekk aluminiumsfabrikken straum frå Ålfoten, og då blei denne trafokiosken bygd.
Vatnet frå Stongvatnet og Oslandsvatnet, som kom i røyr og skulle lage kraft til fabrikken hadde ein tendens til å tørke ut på sommerstid,
så dei trengde litt meir stabil krafttilførsel.
No er trafokiosken tom, men det er eldskjeler som driv å pussa opp og har gode planer.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det var 3 butikker og 2 bakeri her i gamle dager. I dette huset var det Samvirkelag og bakeri.
 --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er ett anna hus der det var butikk, bakeriutsal og postkontor.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her sit eg å studera tennisbana som blei laga på 1920-talet.
Etter at aluminiumsfabrikken blei lagt ned så blei den brukt som lagringsplass til alt muligt rart, helt til Stongfjorden
Vel tok tak og fekk den restaurert tilbakers til si opphavelige form. Her spelte alle "kvitfrakkane" på aluminiumsverket tennis på 1920-talet.
" Kvitfrakkane" var vel administrasjonen og sånt, stort sett Engelskmenn og Norske ingeniører.
Arbeiderane utenom var velkomne til å spele tennis dei óg, men tennis blei vel sett på som en liten raritet,
så dei trimma vel sikkert mest på fotballbana oppe i dalen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er huset til driftsingeniør M.Haugen ved aluminiumsverket.
Dei bygde hus som stod i stil med tittelen i dei dager, og det ekstra gledelige er at alle etterkommerane har heldt huset i same stil og
 hold fram til dags dato.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det eldste huset i Stongfjorden, bygd 1898. Ser like nytt og fint ut i dag, som når det blei bygd.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i det røde huset var det og butikk eingong i tida.. Utover kaia var det masse bygninger i gamle dager.
Her var torvkol- og jodfabrikk og masse anna rart. Alt starta ved at dei utnytta Stangelva til å lage elektrisk kraft, og det var allerede i 1897.
Stongfjorden fekk sitt første veilys i 1898.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Båthamna i Stongfjorden, og utleigehus i bakgrunnen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her går det an å leige seg hus vist en vil til Stongfjorden for å fiske eller kose seg på andre måta.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Midt i sentrum av Stongfjorden har dei splitters nytt grendahus.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er eg innom butikken i Stongfjorden i lag med Malmfrid, for å handle litt snask.
En blir svolten av slik sightsjåing, eller ka det no heiter. Han med bustete hår bak disken er gutungen til Malmfrid.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På baksida av butikken er det pub med flott uteplass og flott utsikt. Her sit eg og Malmfrid og Stefan frå Island og drøser over en kopp kaffi.
Sikkert til manageren min si store forundring, så går det nemlig fint an å drikke kaffi på en pub.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Mens eg sat på på pubben så kom det ei fin jente innom, og ho kjente meg jammen igjen, uten at eg har sett ho før.
Det varmer, ett på forhånd varmt bamsehjerte, å treffe sånne fine kjekke jenter som veit kem eg er.
Jammen trivelig å være litt sånn kjendisbamse.
Eg skal ta meg en tur opp til Vevring området eingong, for å sjå om eg treffer ho Janne Seljevoll igjen, eg trivdes nemlig godt i armane hennars. :-)

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Flott badestrand er det rett utenfor pubben.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her kan en sitte på pubben å drikke kaffi og kikke på badenymfer, eller ka det no heiter, og drøyme seg vekk.
Eg må nok ta en tur tilbakers på en skikkelig varm sommersdag, for å inspisere badestranda skikkelig nøye.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her var det båtbyggeri og notverkstad på slutten av 1940 begynnelsen av 1950 talet. Det var 70 mann i arbeid på da meste.
Norges Fiskerlag var eigar og dei hadde ein driftig kar som hette Solheim som dreiv butikken. Men så ødela politikk heile greia.
Solheim tok ein tur til Russland for å studere båtbyggerteknikk midt i den "kalde krigen".
Alle som reiste til Russland i dei tider blei betrakta som skumle spioner, og dermed trakk Norges Fiskerlag seg frå alt samarbeid
og bedrifta blei nedlagt når båten "Levande Fisk I" vart levert i november 1952.
I ettertid har det vist seg at en kar som heiter Einar Gerhadsen var med på same turen til Russland.
Men sånne politiske greier har eg ikkje greie på då.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her oppe i dalen over Stongfjorden var det knalltøffe fotballkamper og mange tilskuera i gamle dager.
Her blei Stongfjorden kretsmestera i 1936. Idrettslaget i Holmedal brukte og denne bana mykje, dei kom tuslande over fjellet for å spele.
Ett par runder med grasklypper så er bana klar til kamp igjen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her har eg tusla meg opp til inntakskammeret oppe i åsen øve Stongfjorden.
Her kom vatnet ut, og gjekk i fire røyr ned til kraftstasjonen ved aluminiumsverket.
Det går røyr frå demningen og ned til kraftstasjonen den dag i dag, men dei er gravd ned under bakken. Dei høge stolpane er luftventiler.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

En liten kvilepause ved inntakskammeret oppe i åsen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Flott utsikt frå inntakskammeret, og her ser en tydelig kor røyrgatene gjekk nedover før i tida.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her oppe ved inntakskammeret er da jammen en flott plass å starte en søndagstur.
På baksida går det sti helt til kammeret på andre sida og til demningen, men den stien såg sørgelig lite brukt ut.
Eg sjekka stien og den er helt ufarlig, så det er berre å ta seg en tur.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her inne i huset ved inntakskammeret hadde dei sveiver slik at dei kunne åpne og stenge ventiler som førte vatnet ned til kraftstasjonen.
Skikkelig god manuell regulering i gamle dager.
Manageren min er en sånn homlepungingeniør, som ødelegg all slik god gammeldags manuell regulering,
men han er i da minste intressert i å sjå gammel godt håndtverk.
Litt skryt skal han no ha.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her kom vatnet inn frå demningen og videre ned gjennom røyra.
Det er ei rist som skal fange opp småstein og slikt, slik at dei ikkje havna i nede i kraftturbinen.
Så var det tett kontakt med damvokteren og vokteren i inntakskammeret, slik at det var akkurat passelig mengde med
vatn som for ned til kraftstasjonen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er eg på demningen og ser innover Stongvatnet og Oslandsvatnet. Skikkelig fin plass i grunn.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her nede kom vatnet ut, og blei ført nedover til kraftstasjonen i Stongfjorden.
Her var det en fulltidsansatt damvokter, med eige hus og greier, som passa på at vatnet strømde ut i passelige mengder.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nedover her var det ei stor renne, eller ka det no heiter, som førte vatnet nedover til inntakskammeret ,
før vatnet ramla nedover i røyra til kraftstasjonen.
Renna var laga av tre, så det var nok sikkert ein og anna snekkar involvert her og.
Til høgre kan ein sjå det som eingong var huset til damvoktaren.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her kom vatnet ut frå demninga i gamle dager. No kjem vatnet ut einplass under bakken, for demninga er nemlig enno i bruk til kraftproduksjon.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

For å få vatnet frå demningen og ned til Stongfjorden så måtte dei bygge bru underveis.
Her gjekk vatnet i ei renne over ei bru dei bygde for anlednngen.
Enkelte plassa underveis var det laga overganger øve renna, slik at folk og fe kunne gå sine vante stier når dei skulle til seters å gjere seg feit.
Her er det foresten god parkeringsplass, og eg vil anbefale alle å ta seg en tur her.
Eg har sjekka området, og det er ingen skumle udyr i nærområdet så vidt eg fant ut.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her har eg komme fram til enden på der vatnrenna frå demningen enda.
Her gjekk vatnet frå demningen inn, og kjem ut i inntakskammeret på andre sida av berget.
Døra er låst, og det skjønner eg godt, for ellers hadde det sikkert blitt ett bjørnehi med skumle bjørner der inne.
No er det berre sånn skumle folk i Sunnfjord Kraftverk, eller ka det no heiter , som held til der bak døra.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litt av Stongfjorden i dag.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litt av Stongfjorden på 1920-talet.