Åpning av Norsk Sjøfuglsenter 15.06.12

Det var høgtidelig åpning av Norsk Sjøfuglsenter 15. juni 2012.
Sjøfuglsenteret ligg i same bygg som Værlandet Gjestehamn, som naturlig nok ligg på Værlandet.
Sjølvsagt måtte eg innom for å sjekke korleis ett sånt Sjøfuglsenter virka.
Eg hadde manageren min med meg, men han klarte sjølvsagt ikkje å ta bilde av alle dei kjekke tinga som finnast på Norsk Sjøfuglsenter,
men litt fekk han no med seg.
Her er litt bilder frå seansen, og jammen kan eg anbefale både voksne og barn og bamser å ta seg ein tur hit for å studere,
og så ete litt god mat på kroa til "Tante Gry" når ein er utsleten av kikking og studering.
 

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.


Her kosa eg meg i armane til Ranveig Indrekvam, som er styreleiar for Norsk Sjøfuglsenter.
Ho fortalte meg masse interessant om Norsk Sjøfuglsenter, men da er løye med da, når enn er i armane på ei slik fin jente så konsentrerer en seg
liksom mest om kosen.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er alle dei prompinente gjestane som har gjort at Norsk Sjøfuglsenter har blitt forandra frå en vel 10 år gammel draum, til virkeligheit i dag.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Per Arne Tveit har i mange år vore enn pådriver for å få Norsk Sjøfuglsenter i drift. Utanom å være pådrivar, så er han en knakande god taler.
Her fortel han litt om ørnekamera som har vært i drift nokre år.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


På Værlandet Gjestehamn er da ikkje berre pub, kafè, verkstad, sykkelutleige, båthavn, Norsk Sjøfuglsenter og utleige av overnattingsrom.
Det er og nåke som både eg og manageren min er helt einig om, verdens flottaste live-kamera frå ett ørnereir.
Det er ett fantastisk skue å sjå på når ørna mater ungane sine, og eg kan anbefale alle komme å kikke på da.
Eg torer ikkje være så nær ørnereiret, siden eg er mindre enn ørna og sikkert ser ut som god mat, så eg held meg helst framfor skjermen her.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg pleier no sirkulere litt når eg er i store forsamlinga, og her på utsida tok eg Frida og Erling på fersk gjerning når dei øvde seg på åpningssermonien.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Erling Sande er leiar i energi og miljøkomiteen på stortinget, Frida Melvær er ordførar i kommunen min, og eg er no berre meg.
Dei øver seg på å lage enn knute mylja "Vern" og "Bruk", knuten er grei å få til, men alt kan gå galt når da er masse folk som ser på.
Eg trur eg klarte å roe dei litt ned, og fortelje at dei berre kunne slappe av. Eg fortalte at, om dei kom i skikkelig knipe, så var da berre å
vinke på meg, eg er nemmelig skikkelig god på sånne knuta.
Manageren min har lært meg ett par ting, og ein av dei tinga er knuta. Dei andre tinga huska eg ikkje i farten.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Bård Leite syng ein song som han og onkelungen hans, Vegard Leite, har laga. Ein skikkelig fin song.
Etterpå skal han rett til Amerika for å lage plate sammen med onkelungen sin.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Erling Sande held ei fin tale før åpninga av Norsk Sjøfuglsenter.
Han Erling trur eg er sånn Senterparti politiker, mens han som ser skummel ut på høgre sida av bildet, trur eg er sånn SV'er.
Jammen kjekt at alle er gode venner, uansett parti, når enn skal være med på sånne kjekke greier som det her.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Per Arne ser strengt og ettertenksomt ut øve forsamlinga. Han ligna litt på enn sånn "body-guard", og alle oppførte seg deretter, stille og rolige.
Hadde da vore enn terrorist i forsamlinga, så er eg sikker på at vedkommande hadde gjømt unna bombene sine og berre lest som ingenting,
når han såg enn sånn skummel fyr.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så har Frida og Erling knytta ihop tauet mylja "Vern" og ""Bruk". Eg følgte nøye med, og såg at da var en ekte båtsmannsknop dei laga.
Så får han Erling ei gave frå ho Frida, ett flott bilde som han Lars Grepstad har teke.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg og Magne hørte på taler og diskuterte damer. Vi huska ingenting av talene, mens vi har alle andre detalja om kva vi diskuterte friskt i minne.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og kompisen Magne.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg og Tarjei, Mikael, Sondre og Lukas gleder oss til å utforske Norsk Sjøfuglsenter.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Jammen kjekt å treffe både dagens ordførerske og ordføreska frå forrige periode. Frida Melvær, til venstre, er ny ordførar i Askvoll Kommune,
 og Aud Kari Steinsland, til høgre, er forrige ordførerska.
Sånn politisk så er Frida Høgrepolitkar og Aud Kari Arbeiderpartipolitikar. For meg er det helt da same, sidan begge jentene er like kjekke.
Så i ditta tilfelle trivast eg godt med å være sånn cirka i sentrum.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Når en er på sånne høgtidelige åpninger, så er det best å hive i seg litt åpningskaker, før nokre andre kjem og et den opp.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og sjefa sjølv på Sjøfuglsenteret, Gry Leite. Viset det ser ut som at eg sender ho et beundrande blikk, så er det helt rett.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Per Arne Tveit viser meg litt rundt på Sjøfuglsenteret.
Her er nokre interaktive greier, der du kan flakse med armane og så gjere fuglen på skjermen akkurat det same.
Og så er det forskjellige fugler alt etter kor du står, skikkelig sånne fancy greier.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så har Lisa teke over omvisninga.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Emmy og Lisa viser meg korleis fuglane såg ut i skikkelig gamle dager.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her studerer eg og Emmy trekkrutene til fuglane.
Når vi dreg den røde ballen langs stanga så viser det kor langt fuglen har flygd, og informasjon om kva den putler på med underveis.
Ein fugl flyg fram og tilbakers helt til Antarktis, utan at eg skjønna kva den skal i Antarktisk å gjere.
Den kan no berre slå seg ned på Bulandet Skule, nett som meg, der er det både kos og mat å få.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Litt kul må ein være sånn innimylja omvisning og sånt.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her har eg teke meg ein tur opp i andre etasje på Norsk Sjøfuglsenter. Pippi, Bjørg, Tore og eg ( eg er den omtrent i midten),
ser på bilder frå fortid og notid i frå Bulandet og Værlandet.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg er så heldig, i motsetning til manageren min, at eg har masse venninner.
Her har det komme ein gjeng venninner som vil vise meg den elektriske heisen som er på senteret.
Anita, Ingvill,Tonje og Lene vil ha meg med på heisatur, og eg er ikkje vanskelig å be.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her har heisaturen begynt, og vi er på vei nedigjen til første etasje.
Det vil sei at heisaturen var såpass kjekk, at vi kjørte mange turer opp og ned før vi havna i første etasje.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Frå øverst Tonje, Alfred, Lene og Ingvill.
Vi er bak ein skjerm der vi kan høyre forskjellige typer fuglelyder.
Dei kjem med forskjellige lyder alt ettersom dei er redde, skal advare mot farer eller leite etter kjærast.
Dei pip til og med på forskjellig måte både før dei skal parre seg og når dei er ferdig med kosestunda. Akkurat sånn som menneska i grunn.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Etter omvisninga så må vi sjølvsagt ha oss ein matbit på kroa til "Tante Gry", som ligg i same bygget som Norsk Sjøfuglsenter.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


På utsida sit "Tante Gry" sjølv, Gry Leite. Ho administrera for harde livet i telefonen, mens eg forstyrra ho så godt som eg kan.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sånn ser Norsk Sjøfuglsenter og Værlandet Gjestehamn ut, når en kjem putrande med båt, og har komme rett innafor moloen på Værlandet.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.