Ein liten forskningstur til Melvær 30.03.2013

En liten tur til Melvær, i Bulandet i Askvoll kommune, for å helse på Norges vestligaste bonde, kyr og ordfører.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.


Før eg går i fjøsen for å helse på Norges vestligaste kyr og bonde og ordfører, så blir eg traktert av husfrua sjølv, Eli Marie Melvær.
Ho kan kunsten å traktere, først fekk eg så masse kake som eg orka stappe i meg og så fekk eg honning til dessert.
Her fortel ho meg korleis eg skal oppføre meg i fjøsen.
Eg må ikkje så for nær bakenden på kyra, for då veit en aldri ka som kan ramle ned i skalllen på meg.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her sit eg midt i rua med Norges vestligaste kyr. Dei virka ikkje å være redd for bamser, og oppførte seg ellers veldig fint.
Skikkelig veloppdragne desse Norges vestligaste kyr.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ordfører, Frida Melvær, som er ordfører i Askvoll Kommune og kjem frå Melvær, introduserer meg for kyrne.
Skikkelig kjekk og veloppdragen ordførerska og, men det viste eg frå før for ho Frida kjenner eg nemlig godt.

---------------------------------------------------------------------------------------------------


Synnøve Melvær, som er Norges vestligaste bonde viser meg Norges vestligaste kalv.
Synnøve er Norges vestligaste inseminør og, så etter som eg trur så er ho vel sånn rent teknisk sett, Norges vestligaste okse i tillegg,
og far til kalven.
Ho Synnøve er skikkelig Norges vestligast på mykje ho.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Skikkelig handlag på Frida, her trer ho spenane inn på mjelkemaskina med ei øvd hand. Ikkje første gang ho har putla med slikt.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Praktiske greier ei slik mjelkemaskin.
------------------------------------------------------------------------------------------


Sjefsbonden sjølv, Jardar Melvær, ser etter at alt går rett for seg.
Det han har hengande bak, er ikkje nåke han pleier gå med til vanlig.
Det er en slags praktisk stol, som han kan sette seg ned på, men det er berre i fjøsen han bruker den då.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.