Forskningstur i Kvammen 04.06.2013

Her er litt bilder frå forskninga mi på korleis Gjelsvik Skule, Kvammen og nærområda virker.
Konklusjonen min er at dei virka skikkelig fint, i alle fall mykje bedre enn manageren min,
han gjekk berre rundt og hosta og naus.
Jammen er da mange fine plassa i Askvoll Komune.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.


Manageren min blei så fryktelig forkjøla etter at vi var på fjelltur i går. Eg er like frisk og synes egentlig at manageren min er en sytekopp.
For sikkerhet skuld så stakk eg innom apoteket i Askvoll før vi reiste til Gjelsvik Skule og Kvammen.
Dumt å drage rundt på en managerer som da berre renn snår og gørr utav i grunn.
Medisinen virka truleg godt, for han blei skikkelig godt motteken alle plassa vi dukka opp.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her begynner Askvoll Kommune når du kjem kjøyrande frå Førde.
Så når du har vært ute i den store skumle verden, på ett kjøpesenter i Førde i julestria foreksempel, så kan du slappe helt av når du har passert
dette skiltet.
Her i Askvoll Kommune finn du berre berre fred og harmoni og kjekke folk og berre solskinnsdager, pluss en bamse som er fæl til å skryte.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her i Rørvika kan du stoppe for å sjå på informasjonsskilt om Askvoll Kommune, sånn at du ikkje roter deg vekk.
Rett bortforbi her kan du starte oppturen til Sunnfjords høgaste fjell òg, Blægja på 1304 meter.
Derfrå har du ei nydelig utsikt, og så kan du sjå Blåfonna, en isbre vi har i Askvoll Kommune.
Den er ikkje så stor, men det gjer ingenting, for her i Askvoll Kommune er da ikkje størrelsen da kjem an på, men kvaliteten, so da so.
Eg skal foresten opp på Blægja i løpet av sommeren, så snart eg får manageren min frisk av forkjølelsen sin.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg i Løvika, ein flott plass, nett som alle andre plasser i Askvoll Kommune.
Frå skiltet der det står Askvoll Kommune og inn her ligg det 3 viker på rekke og rad, Hestvika, Rørvika og Løvika.
Her gjekk gamleveien til Kvammen, og en kan kjøyre til Kvammen på gamleveien herfrå.
Veien til Førde blei ikkje laga før i 1979.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg framme ved Gjelsvik Skule, og så er da barnehage i søraste enden.
Her hadde elevane ett prosjekt tidligare i år, der dei laga ordførerkjede med diverse symbol frå Askvoll Kommune,
og skreiv ett lite hefte med informasjon om symbola og om kommunen.
Ett skikkelig mesterverk vil eg sei, og som eg kjem til å ha mykje hjelp i, på mi forskning på korleis Askvoll Kommune virker.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her har eg komme meg inn på Gjelsvik Skule og på kontoret til sjefa sjølv, Siv Karin Flatjord.
Ho er opprinnelig frå Jølster, men har blitt ekte Kvammer no.
Eg fortalte om den forkjøla manageren min, men det gjekk fint, han fekk sleppe innfor dørene likevel.
Skikkelig kjekke og inkluderande folk her på Gjelsvik Skule, både skumle bamser og forkjøla managere vert mottekne med åpne armer.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg fekk være med en lærar på skulen på båttur, for å sjå Kvammen frå sjøsida.
Karen er frå Island og bur på andre sida av fjorden, ein plass som heiter Vevring. Der har han funne seg kjering og var godt fornøgd med livet.
Eg fekk ikkje helt tak i navnet hans, men trur det var Pall Helgi, eller nåke i den dur.
Vi prata no i alle fall masse saman, og han var en skikkelig kjekk kar.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Fiska gjorde vi og på turen, og fekk en fin lyr. Det var egentlig makrell vi var ute etter, men vi karane tok det vi kom over.
Kvelden før hadde ein av elevane på skulen vore med på å kaste not helt inne i vågen på Gjelsvika, og dei hadde ett steng trakkfullt i
makrell liggande klar for levering.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Gjelsvika sett frå vest. Nydelig flott plass.
Det er skikkelig fin badestrand i Gjelsvika, men den er så langgrunn at dei voksne vert lei av å spasere før dei får vatn opp til knehøgde.
Men badestranda egna seg ypperlig til små unga, og dei voksne har ei anna småhemmelig badestrand lenger ut i fjorden som dei bruker meir.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Gjelsvik Skule sett frå sjøen.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Gamle sjøbuer utover mot Hegreneset.
Litt lenger ut finn en store jettegryter nede i fjæra, men dei fant eg ikkje i dag, og dei er såpass ukjent at en må treffe dei rette lokalkjende
personane for å finne dei.
Men det skal eg finne neste gong eg er her, eg seier som en kar eg såg på kino i lag med manageren min, "I will be back", eller nåke i den dur.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her ser vi kraftstasjonen som ligg nede ved sjøen, rett etter tunellen vist du kjem frå Førde. Eg trur da heiter Skorven her.
Oppover dalen på andre sida av veien etter tunellen, finn du vatna som gjer at det er tilførsel til kraftstasjonen.
Pluss at det er skytebane og flott natur. Skjerlia heiter det oppover der.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så er eg ferdig med båtturen sammen med Pall Hegri og en kar eg ikkje fekk navnet på.
Dei trudde eg var sjøsjuk, men eg vil gjerne påpeike at eg såg etter makrell og berre laga litt lyder for å lokke til meg makrellen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Koseprat på lærerrommet, mens eg koser meg med kjeks i tillegg. Her er sju av lærarkompisane mine, men dei er omtrent 13 til sammen.
Med Bente Nymoen Selvik, Ingrill Bruflot Kvammen, Sissel Jensen Grytten, Siv Karin Flatjord, Marit Leknes Gryte, Jostein Gryte og
Kathrine Grytten.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg og Siv Karin studerer ei minnestøtte etter Nikolaus Gjelsvik. Urna hans står under denne støtta.
Nikolaus levde frå 1866 til 1938, og var ett av si tids største personligheiter innafor rettsvitenskap og språk.
Han var professor og blei æresdoktor ved universitetet i Leipzig. Så var han ihuga nynorskmann, og sat i styre og stell i mange år.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her nede kom Nikolaus Gjelsvik frå, i frå huset med pipe, rett bak bilen til manageren min. No bur Siv Karin og kallen her.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Krigsminne av dei frå Kvammen som omkom under krigen.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ett gammelt hus i Kvamsvika, med masse historie i seg.Alfhild Aalen som dreiv da meste som foregjekk seg i Kvamsvika i dei tider starta bygginga.
Faren hennars hette Olav Aalen og oppfant og konstruerte verdens første sidepropell.
Ein stor oppfinnelse, men problemet var at så mange oppdaga og såg nytten av oppfinnelsen hans, at dei tok patent på oppfinnelsen før Olav
tenkte i slike baner. Olav forska og andre tok æra.
Så kom andre verdenskrig mens huset skulle ferdigstillast.
Brødrene til Afhild var aktive med å føre flyktninger over til England. Den eine blei drept, mens den andre overlevde såvidt.
Når freden kom var det berre ein krigsherja bror igjen, og han orka ikkje tenke på husbygging.
Derfor står huset like halvferdig i dag, som når krigen begynte.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Det gamle postkontoret i Kvammen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ett landemerke ved fjorden i Kvammen. Båten "Prowess", som har lagt her sidan begynnelsen av 1950-talet.
Den er ikkje god å sjå frå landsida, men viser godt når ein kjem inn fjorden med båt.
Båten blei bygd i Portugal i 1943 og skulle brukast som minesveiper. Etter krigen blei den ombygd til lastebåt og selt til Norge.
I 1948 kom den frå Polen med spiker og sement, som skulle brukast til gjenreisinga av Nordnorge. Ved Prestøya, som òg ligg i Askvoll Kommune,
kjørte den på land og sakk som en stein.
Når en er lasta med sement og spiker, så er det rimeligvis ikkje lett å halde seg flytande med hol i skroget.
Båten blei heva fire år etter og frakta til Kvammen av en kar som hette Olav Aalen, og her har den lagt sidan.
Det låg sikkert en god plan bak, men nett som manageren min, som og har store planer, så klaffer ikkje alltid planane.
Båten har i alle fall blitt ett landemerke i vel 60 år, mens ingen av planane til manageren min har gjort seg bemerka hittil.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her i hamna i Kvammen var det meieri, posthus, bank, bibliotek, legekontor, snekkerskule og sikkert mykje anna i gamle dager.
Før var det berre via sjøen all kommunikasjon gjekk. Det blei ikke vei til Askvoll før på 60-talet, og til Førde 1979.
Før veiene blei oppdaga så hørte Kvammen til kommunen Vevring på andre sida av fjorden.
I det røde huset, midt på bilde, var det meieri i gamle dager.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her slapper eg av utfor Jokerbutikken i Kvammen. Må inn og få meg litt næring etter en hard dag med forskning.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sjefen på Jokerbutikken var en skikkelig trivelig kar, eg glømte å få navnet hans i farten.
Eg lovde at eg skulle hjelpe han å sjå etter 12 petunier og 3 pellargonier som hadde blitt stolne utfor butikken kvelden før.
Eg er ikkje sikker på navna, men eg meiner det har med blomster å gjere, og ikkje er det stor hjelp i meg, sidan verken eg eller manageren min har
greie på blomster. Men eg lovde å sei frå vist eg ser nokre skumle folk som lusker rundt med petunier under armen.
Dessutan så bur alle skumle folk på andre sida av skiltet som viser Askvoll Kommune, og dit har eg ikkje tid til å reise i dag.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg på ballbana i Kvammen. Her kan en både spele fotball og vollyball og sikkert alt anna som har med ball å gjere.
Flott utsikt er da og, frå tribuneplass ser en rett opp på Sunnfjords høgste fjell, Blægja.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Blægja, som er 1304 meter over havet. Enkelte plasser står det 1305, og med snøen no så er det sikkert 1310 meter.
Eg skal opp der seinare i sommer, med manageren min.
Han har vært der før, og beklager seg over at det er en tung tur, men det får ikkje hjelpe, opp må han og sur får han berre værte.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kapellet i Kvammen blei bygd på slutten av 1970-talet, og skiljer seg ut frå andre kirkebygg i kommunen.
Det har liksom ett sånt moderne design, og så er det ingen gravplass utenfor, og så lek det vatn igjennom taket.
I 2011 vart både komfirmantane og presten og kapellet kjent i media, då dei stod rundt alterringen med paraply.
Det er to forskjellige gravplasser som høyrer til kapellet i Kvammen.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Gravplassen i Gjelsvika.
Tek gjerne imot nærmare navn på plassen, sidan eg ikkje er helt lokalkjent noken plasser, og manageren min er helt håplaus til å huske navn.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Den andre gravplassen ved Vågane, lenger ute i fjorden.
Tek gjerne imot nærmare navn på plassen, sidan eg ikkje er helt lokalkjent noken plasser, og manageren min er helt håplaus til å huske navn.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her langs sørsida av Førdefjorden var det 5 skuler i si tid. Rørvika, Kvammen, Gjelsvik, Flokenes og Vågane.
Her er gamleskulen i Kvammen, med Blægja i bakgrunnen. Skulen er ombygd til bustadhus no.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her stod gamleskulen i Gjelsvik, no er det berre utedassane som står igjen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her sit eg i Kvammen Båthavn og venter på at han Svein skal komme og hente meg, for å studere båten "Prowess"
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her kjem han Svein for å hente meg.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


"Prowess" sett frå sjøsida. Den vert også kalt spikerbåten, sikkert fordi den var full av spiker når den sakk.
No til dags er den full av skog, og midt inni skogen sit eg og slapper av i sola.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her sit eg i skogen på "Prowess" og slapper av.
-----------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg og Siv Karin på Flokenes for å sjå på rester av festninger etter andre verdenskrig.
Tyskerane bygde en stor festning her, frå høsten av 1941.
Dei som budde i nærheiten fekk 2 veker på seg til å flytte, og så overtok tyskerane hus og heim. Tøffe tider på 1940-talet.
Her er en lang tunell som sikkert blei brukt til å skjule og oppbevare ting i tilfelle flyangrep.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Tunellen har tre utganger, eller kanskje innganger alt etter ka vei du går. Kanskje fleire og, for anlegget her er stort.
Det var rundt 88 tyske offiserer og soldater som var fast stasjonert her.
Fjellanlegget hadde dei planer om å bygge større, men det blei av en eller anna grunn nedlagt og alle kanonene overført til Blålid-fortet
ved Måløy i 1944.
Jammen godt å befinne seg i dei trygge armane til Siv Karin, når eg befinn meg på sånne skumle plasser.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ein kanonstilling på Flokenes.
Eg sit oppå det som eingang var midten på ei kanon, og kanona sirkla rundt det eg sit på.
Rundt er det små rom for ammunisjon og mannskap. I områda rundt finn ein masse spor frå krigens dager.
Det var 4 kanoner her, pluss haugevis med anna skyteinstrument. Så var det mange hus og mange narrekanoner.
Dei bygde mange stillinger med kanoner av trestokker og kryssfinèr i tillegg, for å lure fly som kunne komme for å bombe.
Utenom det så var det utplassert nøyaktig 2961 miner rundt fortet.
Etter krigen fant en ikkje igjen alle minene, så området var avstengt fram til 1961.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Tusler ein rundt på Flokenes, i området rundt festninga, så dukker det stadig opp sånne overraskelser i terrenget.
Men vær forsiktig med å gå inn, betongen er gammel og armeringa rusten, så det kan ramle ned.
Men ellers er området ett eldorado for folk som er nysgjerrig på krigshistorie. Veien inn her blei bygd av tyskerane og er 1100 meter lang,
og ender som blindvei.
Her er det utrulig masse å forske på for store og små, så eg kan anbefale en tur hit.
Om grunneigar er einig veit eg ikkje, men oppførerer en seg fint så går det meste bra.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kjekk gjeng ved Gjelsvik Skule, jammen en trivelig plass.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Endå en kjekk gjeng ved Gjelsvik Skule.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------


I søraste enden på Gjelsvik Skule er det barnehage med mange kjekke utendørs instrument. Eg sjekka dissa, og den virka helt perfekt.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sjefa på Gjelsvik Barnehage heiter Hanne Knutsen, og ho var naboen til manageren min, inne i sogn, på en plass som heiter Hermansverk
for omtrent 40 år sidan.
Eg smughørte når dei snakka om gamle dager, om fester og tjuveri av sykler og sånt, men det har eg ikkje tenkt å nevne her då.
Hanne hadde en kjekk kosebamse på kontoret, som eg blei god venn med.
Utenom det så har Hanne helt seg like fin og fjong gjennom alle dei siste 40 år, i motsetning til manageren min , som ser ganske så prega ut av elde.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Helt ytterst i Kvammen ligg Stavestranda. En skikkelig fin plass. Her er eg helt i enden på veien.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ett skikkelig lurt hus for å oppbevare ved her ute i skogen ved Stavestranda.
Sikkert en gammel reve- eller minkfarm som har fått nytt liv som vedhus.
Det har nok vært stor industri med reve- og minkfarmer i Askvoll Kommune før i tida, slike nedlagde farmer finn en overalt.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.