Forskningstur til Atløy 21.04.2013

Bilder frå då eg var på forskningstur til Atløy i Askvoll Kommune, for å finne ut korleis Atløy virker.
Eg traff masse kjekke folk og fant ut at Atløy virker helt perfekt.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.


Eg starta forskningsturen på Atløy, med en tur innom rådhuset til Askvoll Kommune.
Der veit eg at det er mykje kjekke folk, og mykje fint å studere.
Her har eg funne tak i Nina som putler med økonomi og slikt.
Skikkelig kjekk og fin jente, så på rådhuset trives eg godt.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Her har eg komme meg ut på Atløy og sit på toppen av ei gammel viking grav. Det er ein god del av denne sorten på Atløy.
Det er ett stort søkk øverst i grava, som tyder på at den er åpna og røva forlengst.
I skikkelig gamle dager gjekk skipsleia gjennom sundet her, og det var nok fristande å stoppe opp for grave litt i ein gravhaug, sånn i forbifarten.
I skogen i bakgrunnen ligg det ei viking grav som er enda meir spesiell og lagt ein del arbeid i å lage. Den skal eg besøke seinare.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Langs svaberga på sørsida av Atløy er det mange helleristninger.
Dei er ikkje lett å sjå, så du må vite ka du leiter etter. Her er eg og Torill Vårdal på jakt etter helleristninger, og det fant vi fleire plasser.
Her trur eg at eg må snakke litt med dei som har med slikt å gjere i Askvoll Kommune, synd at slikt er usynlig for dei fleste,
men samtidig ett problem vist for mange veit om det og kjem å ødelegg.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her har eg funne ei helleristning som kan sjå ut som en båt, vist en ser med kreative auge.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Torill Vårdal har skikkelig greie på alt som har med Atløy å gjere, og ho var eg så heldig å ha som guide på Atløy.
Ho ville ikkje ha nåke bilde nærbilde av seg sjølv, endå så fin ho er, men eg fekk lov å ta bilde av hendene hennars.
Her viser ho med kystlav, som ikkje er så skjelden. Berre slik at eg skulle sjå forskjell på anna skjelden lav.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er en skjelden lav, som berre finnest få plasser langs med kysten.
Den heiter Randprikklav, og finnest på Atløy og sikkert litt her og der i Askvoll Kommune.
Mykje skjelden her i kommunen min.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her på denne øya her, sør for Atløy hogg dei hauet av folk helt til på siste del av 1700-talet.
Så sette dei haue på en stake, slik at det skulle skremme folk. Skipsleia gjekk like forbi, så alle sjøveisfarende såg haua på holmen.
Det vekte vel mest avsky og var nok glømt når dei kom til nærmaste havn. Slike virkemiddel har vel aldri virka i positiv retning.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her sit eg ved inngangen til Løvehola, der det er funne rester av flintstein og steinalder ting.
Hadde eg vært steinalderbamse så meiner eg bestemt at dette er ein plass eg kunne tenkt meg å bu òg.
Høgt under taket, så røyken kan gå ut uten å forpeste folk, god utsikt og tørt inni.
Så er det litt småholer i nærheten, der en kan plassere svigermødre og litt forskjellig.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg ved Vilnes Kirke, som blei bygd i1674, etter at den gamle kirka brann opp.
At den er gammel merka ein når der ringer i klokketårnet, då hoppa benkane og folka som sit der i takt med klokka.
Vilnes kirke var kirke for øyane i Askvoll Kommune i mange hundre år.
Mange gleder i bryllup og barnedåp, og mange sorger i begravelser og når båter gjekk ned, til eller frå kirka og vestover.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Under steinkorsen ved Vilnes kirke skal etter sagnet Atle Jarl ligge begravd.
Steinkorsen er truleg hogd ut i steinbrota i Hyllestad, der dei laga mange steinkorser og kvernsteiner i gamle dager.
Korsen har sikkert vært mykje høgre i utgangspunktet, men løye med da, etter ein del hundre år med vedlikehold og
flytting så hender det at ting knekker av, som før så no.
----------------------------------------------------------------------------------------------------


Ved Vilnes Kirke står det og ein del store steinblokker som ingen har ett godt svar på korleis havna her.
Gamle segn fortel om troll som kasta stein på kvarandre, men det er vel ein heller tvilsom teori.
Nyare teorier meiner at kanskje det er inspirert frå Keltisk kultur, dei hadde vist ein tendens til å plassere steinblokker på denne måten.
Det er ikkje så langt til Skottland, så kanskje det blei utveksla litt kulturell inspirasjon i skikkelig gamle dager.
Det er tross alt ikkje meir en ca. 10-14 tusen år siden en kunne spasere over til Skottland,
og etter det så har en utveksla kultur og tradisjoner begge veier.
Foreksempel så er manageren min filleonkel til fleire skotske etterkommarer, og på kjøkkenet har han ein vatnmugge han
knabba på en pub i Skottland i 1977.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her studerer eg fjellet Brurastakken på Atløy i Askvoll Kommune.
Brurastakken er helt spesiell, den har vært landemerke for sjøfarande i tusenvis av år og er en såkalla våt draum for alle arkeologer.
Brurastakken skal eg utforske nøye litt seinare.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her slapper eg av på ei gammel bru på vei opp til en plass som heiter Sætre.
Jammen viste dei å lage steinbruer i gamle dager, mange storflaumer som har gått under her, men brua er like fin.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her i elva mellom Hærlandsvatnet og Herland var det ett kvernhus i gamle dager. Her sit eg sånn midt på der kvernhuset var.
I elva ligg det fleire kvernsteiner, men dei er ikkje så lett å sjå no når det er så masse vatn i elva.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Litt oppforbi Herland, mot Hærlandsvatnet, finn en ein stein med to bolter i.
Det er ikkje så mange som veit kvifor boltane er her, men Torill Vårdal viste det, og no veit eg det,
og snart veit alle i Askvoll Kommune som les dette, det.
I gamle dager skar dei is på Hærlandsvatnet og førte det ned til Herland. Det var sikkert som mange andre plasser der dei dreiv på med slikt,
dei hadde sikkert ishus i Herland som dei fylte opp med isblokker, og så selde dei resten til andre plasser.
Slike ishus var godt isolert og dei beste ishusa beholdt isen til over sommeren.
På Fanøy utenfor Flora står ett slikt ishus den dag i dag.
Når dei hadde kjempa isblokkene frå Hærlandsvatnet og ned hit, så var det løypestreng frå boltane og ned til havna i Herland.
Nederst her stod det nok ett ishus, og det venta nok båter som var klar til å ta imot isblokker som dei kunne selge videre andre plasser.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


På øya med ett enkelt tre på, drog dei opp nøter for tørking i gamle dager.
Bak ser vi Hindøyna, der det var gjestehus og litt at kvart i gamle dager, når all transport gjekk sjøveien.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Gamle fiskemottaket på Herland, og gammel butikk og gammel båt.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Skikkelig moderne fiskebåt frå Herland, Sjøglans.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


På toppen av veien når en kjøyrer til Høyvik på Atløy, i Askvoll Kommune, så ser en ned til ein gapahuk ved Hærlandsvatnet.
Her går det an å overnatte vist du har sovepose med. Kanoer og villmark finn du rett utenfor døragotta.
Vatnet er fullt av fisk og naturen full av opplevelser. Er du av den ekstra pinglete sorten, så er da berre 10 minutters springetur opp til veien og bilen.
Men skulle du være av den pinglete sorten, så vil eg berre nevne at einaste bamsen i området er meg, og eg er særdeles ufarlig.
Andre skumle dyr finnest ikkje i nærheiten, og uansett så ville dei blitt oppdaga på ferja når dei ikkje kunne betale for biletten.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


På slutten av 1800-talet og begynnelsen at 1900 talet var det mykje gruvedrift i Askvoll Kommune, deriblandt på Atløy.
Frå Svanøy til Hyllestad går det ei koperåre langt nede i jorda, men den dukker opp til overflata her og der,
blandt anna i Grimelia og i Gjervik på Atløy.
Her befinn eg meg i ei gruve med dobbel inngang. Det går an å ta kano innover og gå resten, det er nemlig masse vatn i inngangen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er inngongen til ei gruve.
Det langt inn til enden på gruva, så det er lurt å ta med seg dugelig med niste vist du har tenkt å gå helt til enden.
Det er sikkert lurt å være litt språkmektig også, i tilfelle du kjem ut en plass der dei snakka ett anna språk.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her sit er i Sauesundet og ser bort på ferja som går mellom Atløy og Askvoll. Om nokre år satser eg på å sitte her omtrent å sjå på ei nybygd bru.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her i Sauesundet er det 25 meter breidt på det smalaste, og her rauk Olav den Heilage og Håkon Jarl ihop i år 1015.
Det seiast at skipa til Olav den Heilage låg på kvar side av sundet med tau imellom seg.
Håkon Jarl trudde det var vanlige handelsskip, så han og følget hans rodde mellom skipa, så drog dei opp taua og skipet til Håkon Jarl var fanga.
Håkon Jarl fekk valget mellom å få hogge av seg hauet eller å reise til England. Håkon valgte å putle seg til England med hauet i behold.
Her i Sauesundet var og første damskipsstoppestaden i Askvoll Kommune, før den blei flytta til Prestøyna i 1861, ei lita øy litt nærmere fastlandet.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


En lang dags forskning på korleis Atløy virker gjer at en blir både svolten og tørst.
Det er ikkje nåke problem, for her på Atløy har dei stor fin Jokerbutikk som inneheld alt en treng.
Her drøser eg litt med butikksjefen sjølv, Bjørn Arne Mjåseth.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Det er ikkje berre butikksjefen på Jokerbutikken på Atløy som er koselig å drøse med, kundane er like kjekke dei òg. Fine er også.
Bjørg Vilnes har kjøpt seg Solo brus som ho skal kose seg med i helga.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ved Atløy Skule har dei en skikkelig fin ballbinge som er i flittig bruk.
Mens eg var der så var den full av kjekke unger som gjerne ville prate med meg.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kjekt å treffe kjekk og sprek undom. Eg trur foresten det er berre kjekk og sprek ungdom på Atløy og i Askvoll Kommune ellers.
Har i alle fall ikkje treft nokre slabbedaskiske slappfisker ennå, på mi forskning på korleis Askvoll Kommune virker.
Det var en kjekk spreking til i ballbingen, men han måtte heim rett før eg kom. Han hette William eller nåke i den dur.
Dei kjekke og spreke undommane er frå venstre:

Camilla Hugøy
,
Mathias Vilnes, Serine Mathea Mjåseth, Daniel Vilnes Gjervik, John Håvard Herland og Jan Reidar Grane.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så har eg putla meg inn i Atløy Kulturhus, her skal dei ha revy i morgen og 20 års jubileum for åpning av Kulturhuset og skulen.
Dei skal ha dans og revy og feiring heile helga. Men når det blir for mykje moro, så nekter selvfølgelig manageren min meg å være med.
Eg skal få være med på slik generalprøve til revyen " Flammedanserinna" , og å helse på skuespelarar, d
ei "bak" scena og litt av dugnadsgjengen i kveld.
Her studerer eg handlaget til jentene som skreller poteter til middagen i morgen, jammen gjekk det fort og effektiv unna.
Eg tilbydde meg å hjelpe til, men heldigvis sa dei nei.

 – med
Grethe Sund og Aud Grøneng.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her forstyrrer eg Britt og Irene, som er med i dugnadsgjengen på kjøkkenet.
Jammen trivelige jenter å forstyrre, og eg lovde å komme tilbake å forstyrre så fort eg får tid.

– med
Britt Evelyn Norstrand Kjørvik og Irene Iversen.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her koser eg meg i sofaen med to av skuspillerane. God bamsemat har dei funne fram til meg også.
 – med
Marit Sellevoll Leirvåg og Reidun Landøy.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Han Jens Tore syntes at eg blei litt vel kosete med jentene, og heller burde konsentrere meg om maten.
Både eg og Marit og Reidun oversåg han galant.

– med
Jens Tore Askvold, Marit Sellevoll Leirvåg, Bamsegotteri og Reidun Landøy.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Skuespillerinna Mona Karin får ett lite lag med sminke av sminkøsa Heidi Beate. Så får eg en liten dasj med sminke på snuten eg òg.
Ett av mine store kompleks er at eg har en litt usynlig snute, men det fiksa ho Heidi Beate fort.

– med
Heidi Beate Solheim Grane og Mona Karin Herland.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her får eg litt sminke rundt auga også, i lag med han Edvin.
Eg foreslo for Heidi Beate at ho burde sminke manageren min og, slik at han for en gangs skuld kunne verte litt fin.
Men det hadde ho ikkje tid til, siden då kom sikkert heile helja til og gå med.
Eg tenkte for meg sjølv at då måtte da sikkert til litt omfattande plastisk kirurgi i tillegg,
men det torde eg ikkje sei høgt siden manageren min var der òg.

 – med
Edvin Landøy og Heidi Beate Solheim Grane.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og skuespillaren Dagfinn, mens Heidi Beate sminka for harde livet i bakgrunnen.
– med
Heidi Beate Solheim Grane og Dagfinn Mjåseth.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og skuespillerinna Reidun Landøy i ett rolig øyeblikk i sofaen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og Marit tek en liten sånn pep-talk ( eller ka det no heiter) før generalprøva skal starte.
Ho Marit er helt rolig, mens eg er litt sånn nervøs før ei generalprøve, og då skal eg berre være tilskuer.
Ho har nerva av stål ho der Marit. Bak er han Edvin nesten ferdigsminka.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og skuespillerinna Grete Herland. Ho er helt rolig ho også, mens eg er smånervøs endå eg berre skal være tilskuar.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Jammen trivelig å menge seg med fine skuespillerinner. En ting eg må gjere oftare.
Her er eg og Lisbeth Herland, ho har stålkontroll ho òg.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Torill Høyvik i full konsentrasjon mens ho vert sminka. Ho lurte litt på kem som sneik seg opp i fanget hennars mens ho sat der å blei sminka,
men ho blei beroliga når ho hørte at da berre var meg.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Meg og Guro Høyvik, ei smilande lysmesterinne med full kontroll.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------


Lydsjefen Richard og suflørske/rådgiverske Gunn Elin har full kontroll dei òg.
– med
Richard Herland og Gunn Elin Sætre.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Skuespillar Sigmund får litt ekstra leppestift før han skal på scena.
Sigmund konsentrerer om å stå iro, Lisbeth konsentrerer seg om å smørje på leppestift, mens eg konsentrerer meg om helt andre ting.

– med
Sigmund Herland og Lisbeth Herland.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sigmund hadde tre flotte barnebarn som skulle sjå på generalprøva.
Sånne anledninga lar eg ikkje gå frå meg, så eg måtte selvfølgelig egle meg innpå dei.

– med
Malin Herland, Julie Herland Sund, Stine Margrete Sund og Sigmund Herland.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er dei fleste skuespillerane klar til å starte på generalprøva.
– med
Mona Karin Herland, Dagfinn Mjåseth, Heidi Beate Solheim Grane, Jens Tore Askvold, Torill Høyvik, Reidun Landøy,
Sigmund Herland
, Roald Vårdal, Marit Sellevoll Leirvåg og Gunn Elin Sætre.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


En litt sånn småromantisk sekvens. Sigmund er på frierføtter, og eg skjønna han godt.
– med
Marit Sellevoll Leirvåg og Sigmund Herland.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Litt drama i familien.
– med
Jens Tore Askvold, Mona Karin Herland, Dagfinn Mjåseth og Torill Høyvik.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Endå litt meir drama i familien.
– med
Mona Karin Herland, Grete Herland, Jens Tore Askvold, Marit Sellevoll Leirvåg og Torill Høyvik.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er liksom ett punkt i revyen der eg vil tru alle held på å le seg ihjel. Eg gjorde det i alle fall. Eg lo så eg held på å skvette på meg og omgivelsane ,
men det var jammen bra eg ikkje gjorde for under meg sit lyssjefa Guro og sufløska Gunn Elin.

– med
 Jens Tore Askvold og Edvin Landøy.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Store forklaringsproblem i familien.
– med
Grete Herland, Jens Tore Askvold, Mona Karin Herland og Edvin Landøy.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Andre akt har begynt og eg må snart reise heim.
Manageren min må rekke siste ferja. Skikkelig irriterande, for dette er en kjempekjekk revy som eg gjerne kunne tenkt meg å sjå slutten på.

– med
Roald Vårdal og Lisbeth Herland.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Før eg reiser videre så må eg ha meg en liten tur bort å kikke på lydmannen Richard Herland og sjå ka han putler på med.
Han har en haug med spaka han dreg i for å få rett lyd.
For en tonedøv bamse er da vanskelig å forstå, men eg hørte no i alle fall at lyden var perfekt heile tida.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Lysmesterinna Guro og sufløsa Gunn Elin hadde full kontroll, som resten av gjengen.
Eg måtte nett bortom å forstyrre litt før eg reiste heim.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så må eg takke for meg og sei hada for denne gongen.
Eg er en skikkelig oppbrelt bamse som er vant med å være midtpunkt i enkver forsamling, men denne gangen måtte eg melde pass.
Gunn Elin var så opptatt at ho hadde ikkje tid til avskjedsklem, ho berre pekte på utgangsdøra.
Men neste gang eg treffer ho så må ho til pers med klemming.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.