Sabotørstien i Rjukan, 1. juli 2024
Her er litt bilder då eg gjekk sabotørstien på Rjukan, og ned til Vemork.
En veldig kjekk tur, med en guide som viste alt på vår vei.
Guiden Gunnar, er 74 år og veldig sprek. Han går turen kver dag i to måneder om sommeren,
og ett par gonger i veka på truger om vinteren.
Så er han opplært av Claus Helberg, som var en av sabotørane.
Dessuten eig han siste hytta sabotørane brukte før dei gjekk til Vemork.
Dagen vart avslutta med omvisning på Vemork, Gunnar jobba nemlig der i sin ungdom.
Det står tekst under kvart bilde.
Tilbakers til framsida.
Guiden Gunnar er klar til nok en tur på sabotørstien.
Han er 74 år, og går turen kver dag heile sommeren, om vinteren samme rute men då med truger.
Om enn ikkje kver dag, men ganske ofte.
Om manageren min rekk fram til 74 år, så har eg min tvil om han vil være like sprek.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så tusler vi avgårde. Totalt var vi 18 stykker i dag, og det er akkurat en passelig gjeng.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Rett ved oppkjørselen til Rjukan Fjellstue er parkeringsplass for dei som skal gå sabotørstien.
Turen ender nede på Vemork, og vi blir kjørt tilbakers til parkeringsplassen med minibuss.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her oppe i dalen ser vi Skardfossdammen.
Den første demningen her blei bygd 1905 til 1908.
Demningen vi ser no, er tredje generasjon demning som er bygd her.
Her går vatnet i røyr ned toppen av røyrgatene over Vemork.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
November 1943 kom 173 bombefly for å bombe fabrikken på Vemork sønder og sammen.
Mykje blei ødelagt, men ikkje tungvatn produksjonen dei var ute etter.
Flya var forsinka og hadde ikkje drivstoff til ei runde til med bombing.
Skulle dei rekke tilbakers til Skottland før tanken blei tom, måtte dei kvitte seg med lasta si, bombene.
Bombene blei strødd innover fjellet.
Her er ett av bombekratera frå den tildragelsen.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
I 1940 skulle det arrangerast VM i alpine greiner på Rjukan, men dette blei rimeligvis avlyst.
I åra før var heile verdenseliten på Rjukan for å trene alpint, og det blei ett stort alpint miljø her.
I fjella bak her gjekk folk til topps og kjørte nedigjen, kver dag det var forhold, sjølv om krigen hadde komt.
Fordelen for sabotørane var at det gjekk skispor overalt her i fjella, dei måtte berre være forsiktig å bevege seg utendørs på dagtid.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her opp i lia låg en, etter datidens målestokk, stor hoppbakke.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så har vi forlatt skogsveien, og beveger oss oppigjen lia.
Guiden Gunnar går bakerst for å fange opp etternølera,
og eg går bak Gunnar for å passe på han.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
I god spion og sabotør-ånd, har Gunnar ett hemmelig kart på lur inne i skogen.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gunnar fortel om sabotørruter og flydropp og masse anna historie fra 2. verdenskrig.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det er fleire stopp underveis for å få litt historier.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Endå ett bombekrater på vår vei.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
På 1930 talet omkom tre personer her, i snøras.
Far til guiden Gunnar, satte opp det her skiltet i 1938, og det blei respektert av folk.
Dermed hadde sabotørane ein heil del av fjellet for seg sjølv, då ingen andre gjekk i det rasfarlige området.
Malingen er ikkje malt omigjen siden 1938, så dei hadde god maling der nede på Vemork, der faren jobba,
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Den gamle orginale sabotørhytta blei solgt og flytta på 1960 talet.
Omtrent halvparten av den hytta her består den orginale sabotørhytta.
Hytta var egentlig en kvileseter, som dei kalte det.
Det var for langt å gå til hovedseteren på ein dag, dermed overnatta dei på kvileseteren underveis.
Det var far til Gunnar som eigde kvileseteren, Han befant seg lenge på Grini fangeleir, og var der til krigens slutt.
Krigen snakka han foresten aldri om, så Gunnar veit ikkje korleis han hadde det på Grini.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gaustatoppen sett frå sabotørstien.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
En blomst som eg ikkje ser så ofte, søterot heiter den.
Norge er den einaste plassen i Norden den veks, men få plasser i Norge og då.
Den blei mykje brukt til medisinsk bruk i gamle dager, og blei beskatta hardt og eksportert for salg.
Dermed forsvant den mange plasser rundtomkring. Eg trur den er freda no.
Den smaker vist skikkelig bittert, så søterot er nok ett ironisk navn på den.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så nærmer vi oss sabotør-hytta, og guiden Gunnar har overtatt ledelsen, slik at vi ikkje skal gå forbi.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så er vi framme ved sabotør-hytta, og tar oss en matbit.
I 2018 blei hytta bygd oppigjen som den var orginalt under krigen.
Her overnatta sabotørande siste natta før aksjonen, og forlot hytta nøyaktig klokka 20:00 lørdag 27. februar 1943.
Dei hadde godt håp om å få utført aksjonen, men ingen hadde tru på at dei kom seg levande frå det.
Så dei reiste frå hytta mot Vemork, i den tru at det var siste reis.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er samme sort ski som sabotørane brukte.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Inne i hytte er det kopi av våpen sabotørane brukte, og en utstoppa sabotør.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjøkkenkroken i hytta, som det var i 1943. Enkelt og praktisk.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
En flydrop container frå 2. verdenskrig heng i taket.
Det var fallskjerm i eine enden, og containerene var full av alskens greier en kan ha bruk for når det er krig.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Guiden Gunnar fortel om nabohytte.
Sabotørane sat i uniform på trammen her, og pussa våpen og gjorde seg klar.
Då kom det jammen to par forbi, som skulle til nabohytta.
Etter litt diskusjon gjekk Claus Helberg, som var frå Rjukan, og en til bort til hytta og banka på.
Det viste seg å være en klassekamerat av Helberg, og nokre venner av han.
Dei fekk beskjed om å halde seg i ro på hytta til over helga, og ikkje seie ett ord.
Ingen på hytta fortalte nåke før etter krigen.
Hadde dei på hytta vært tvilsomme, så ville det nok blitt gjort tøffere tiltak.
Oppdraget var for viktig til å ta kjangser.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er nabohytta.
Etter sabotasje-aksjonen kom Claus Helberg tilbake for å kle seg i sivile klær og dra videre i en fart.
Jentene i nabohytta såg det, og lurte på ka han hadde heldt på med i hytta i ett kvarters tid.
Dei gjekk bort og fant den engelske uniformen hans, og masse engelsk hermetikk.
Dei rydda vekk alt, og vaska ned hytta.
Når tyskerane kom nokre dager seinere fant dei ikkje spor av sabotører, dermed fekk hytta stå.
Alle hytter med spor av sabotører blei brent ned.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Vi drøser litt på setersvollen, og Gunnar forteller om gamle dager.
Så lenge Claus Helberg var fotegåande var han med som guide, og sat på en stein her og fortalte om aksjonen.
Gunnar var ofte med også, og kjenner då historia om aksjonen skikkelig godt.
Det var ingen store fakter når Claus fortalte, det var omtrent som å høyre nokre fortelje om helt dagligdagse ting.
Så irriterer det Gunnar skikkelig at kommunen har hengt opp ett skilt borte på stien,
der det står at det var tre guter som kom til nabohytta. Det var nemlig to par.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Etter aksjonen gjekk sabotørane opp til toppen bak det kvite huset borte i lia.
Claus Helberg gjekk tilbake til hytta og videre til Oslo, nokre gjekk til Sverige og nokre blei igjen på Hardangervidda.
Det kvite huset borte i lia er toppen på Krossobanen, som no ikkje er i drift.
Endå en ting Gunnar ikkje er fornøgd med kommunen om.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Vi er på vei ned lia mot Vemork.
Her stod sabotørane på ski nedover.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ett stykke nede i lia får vi utsikt mot Vemork.
Under 2. verdenskrig stod det ett stort 8. etasjers bygg framfor kraftstasjonen.
Der produserte dei hydrogen og i kjelleren tungtvatn.
Bygningen blei sprengt vekk i 1977, då ingen hadde brukt for den lenger.
På 2010 talet begynte dei å rydde opp i det nedsprengte skrammelet, og fant at kjelleren var ganske så heil.
Så no er det museum i kjelleren.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er ruta sabotørane brukte begge veier.
Dei kom opp ett juv nede i dalen og fulgte jernbanelinja fram til Vemork.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Opprinnelig plan var å ta seg inn i kjelleren på Vemork via denne brua.
Men den var bevokta av tyske soldater døgnet rundt, så det ville sikkert raskt ha blitt skuddveksling.
Ein av sabotørane hadde sett ett flyfoto der det viste ein del vegetasjon ved ett juv lenger nede i lia.
Dei sjekka opp i dette, og bestemte seg for å prøve den ruta.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her ved dette treet tok sabotørane av seg skia.
Det var for bratt og skummelt å renne på ski videre.
Dei bar skia på ryggen til dei kom ned til juvet.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Rester av ei bombe som blei slept ned i 1943.
Restane er så tung at ingen souvenir-jeger har orka dra den med seg enno.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Stien ned her, er restane av den gamle kløvstigen/ vegen folk på Rjukan brukte når dei skulle til seters,
eller over fjellet for å handle eller bytte varer.
Heile Tinn kommune var kjent for å ha dyktige smeder i gamle dager, og ljå'er var ei ettertrakta bytte-vare.
Dei bytta gjerne i salt, det var mangelvare her i innlandet.
På slutten av 1800-talet blei det laga tunell lenger oppe i dalen, og då blei ikkje denne kløvvegen brukt lenger.
På nye kart som tyskerane hadde, var ikkje kløvvegen avmerka, så tyskerane viste ikkje om den.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så har vi komme nedigjen til nogenlunde sivilisasjon, etter å ha gjort oss ferdig med kløvstigen.
Det er litt bratt her og der på nedstigninga, og på slutten er det bygd sherpa-trapper.
Eg spurte guiden Gunnar om det var folk som fekk problemer på slutten.
Det hende seg vist at enkelt fekk problem med beina mot slutten, oftast på forhånd kjepphøge mannfolk i 60-åra.
Det passa helt perfekt på manageren min, men han kom seg no heile veien uten problem då.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Litt spasering langs asfaltvei, men her i ein av dei første svingane hoppa sabotørane av vegen og aka seg på rompa nedigjennom lia her.
Det budde en del folk langs veien så dei tok ikkje kjangsen på det.
Når guiden Gunnar har turer om vinteren, så aker dei seg nedigjennom lia her.
Kunne ha vore kjekt å være med på det og.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så er vi nesten framme på Vemork.
Her gjekk jernbaneskinna, og over her var det ett høgt gjerde.
Sabotørane kjøpte ei kraftig kjettingtang av egne penger i England, før dei reiste.
Den hadde ein av dei med seg når dei hoppa i fallskjerm.
Dei tok ingen kjangser på å stå her uten å klare å klippe opp kjettingen til porten.
Så klipte dei en liten åpning i gjerdet ved sida av jernbanesporet, for å ha som nødutgang i tilfelle porten var låst igjen på returen.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Der barakkene står hadde tyskerane vakthytte.
Det var ti tyske vakter, men det var kaldt og lørdag, så alle befant seg inne i hytta.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så er vi en liten tur innom kraftstasjonen på Vemork.
Her står turbiner og generatorer på rekke og rad.
Mykje god ingeniørkunst her,
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det stod fire turbiner til her, meininga var å rive ned alt sammen, då det ikkje var i bruk lenger.
Heldigvis blei rivinga stoppa og bygget bygd om til museum.
Ein skraphandler frå Hokksund klarte å rive fire turbiner før rivinga blei stoppa.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Den einaste skade som blei gjort på sjølve kraftverket under bombinga i 1943, var dette staget som blei knekt.
Det vises litt av reperasjonsarbeidet.
Gipsplatene i taket ramla ned, men det var kosta og rydda vekk i løpet av to dager.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er ein såkalla Francisturbin som ett Sveitsisk firma fekk bygge her, for forskning, på 1920 talet.
Forskninga var særdeles vellykka, og turbinen var i drft så lenge kraftstasjonen var i drift.
Når forskninga var ferdig, fekk Hydro kjøpe turbinen for 1 krone.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Slik såg det ut på Vemork i 1943.
Tungtvatn-produksjonen foregjekk seg i kjelleren i front her,
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Då blir det ein liten tur i kjeller der tungtvatn.- aksjonen foregjekk seg.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Langs rørgata her var det sabotørane kom seg inn.
Professor Leif Tronstad, som hadde vore med å bygge opp tungtvatn anlegget var i England,
og han hadde bygd opp en tru kopi av anlegget der borte.
Sabotørane hadde øvd seg der, og var nærmast lokalkjent når dei kom inn.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Siste minuttane før eksplosjonen vert vist på veggen det sprengninga blei utført.
Det var vanlig med litt smell fra knallgass i anlegget, så ingen vakter reagerte når det smalt i kjelleren.
Det gjekk 10 minutter før alarmen gjekk, og då hadde sabotørane komme seg helt ned til juvet.
Det var skikkelig dårlig vær, så spora i snøen blaste igjen etter ett par minutt.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så seier eg farvel og takker guiden Gunnar for en veldig kjekk og interessant tur,
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Eg har tusla ned på torget i Rjukan.
Sola forsvinn i Rjukan i oktober, og kjem ikkje tilbake før i mars.
Oppe i fjellet har dei laga en avansert speil som reflekterer sola, og plasseren sollyset her på torget.
Så kan folk på Rjukan ta seg en tur på torget, for å sjå korleis sollys ser ut, om dei skulle gløyme det i løpet av vinteren.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her står speilen opp på fjellet.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
12. mars klokka 12, så når sola denne brua her.
Då vert det som regel skikkelig solfest på Rjukan.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så tar eg ett siste blikk på Rjukan, før eg reiser heimatt til Bulandet og Værlandet.