Forskning på korleis Nipa barnehage, på Atløy, virker.

Den 10. januar 2014 hadde eg meg en tur for å forske på korleis Nipa barnehage, på Atløy, i Askvoll kommune virker.
Eg fant ut at både barnehagen og dei som jobber der, og ungane virker skikkelig fint.
I informasjonen på heimesida til Askvoll kommune står det at det er 21 unger i barnehagen, mens det er 28 i virkeligheten.
Det tek eg som ett godt tegn, folk på Atløy formeirer seg fortare enn oppdatering på heimesida til kommunen.
Så driv dei på å utvide barnehagen, som er endå ett godt tegn.

Informasjon på heimsida til Askvoll kommune:
Nipa barnehage ligg på Atløy, ca 10 min med ferje frå Askvoll sentrum.
Barnehagen og Atløy skule held til i same bygget i Sauesund - omringa av flott natur.
Vi feira 10 års jubileum i 2008, så det er ein forholdsvis ny barnehage.

Barnehagen er oppteken av friluftsliv, og pedagogikken vår er bygd med fokus på: Kropp, rørsle og helse.
Vår VISJON er : Leik og samspel i eit kreativt miljø!! Nipa er ein MER- barnehage, det vil seie:

•· Serverar oppkutta frukt og grønt som ein del av måltida
•· Praktiserer fruktfest når det er barnebursdag
•· Informerar foreldre om MER- satsinga
•· Rapporterar til MER- sidene
•· E-læringskurs for ansatte

Barna får heimelaga grovbrød kvar dag som dei bakar sjølve. I år er det 21 barn som har plass i barnehagen.
Plassane er fordelt på 40-60-80 og 100%.

Vi er eit kreativt personale som arbeider godt saman.
Fagleg har vi særskild kompetanse innan IKT, Småbarnspedagogikk og Spesialpedagigikk.
Samt at vi har personale med lang fartstid og mykje erfaring.

Nipa barnehage er open måndag - fredag i tida 08.00 - 17.00.

Vi held stengt tre veker om sommaren, i romjula og yrkedagane i påskeveka.

Velkommen til oss!!!

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.

Her i enden på Atløy skule og Atløy kulturhus, ligg Nipa barnehage. Praktiske greier, kort vei til skule og kultur, etter kvert som ungane veks til.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her helser eg på barnehagestyrar Ann-Karin, og hjelper ho litt med administrasjon og slikt. Eg skulle få forske så masse eg ville på barnehagen

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det er to stykker, Håvard Andrè og Brage, som er 6 år i dag, og då skal dei lage pizza for å feire.
Jubilantane rasper ost for harde livet, mens eg forer dei med nye ostebiter etter kvert som dei blir ferdig.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg konverserer litt om pizza og slikt, med Kari, mens ho gjer alt klart til pizzabaking.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det skal lagast muffins og i dag, siden det er dobbel bursdagsfeiring.
Eg og nokre kjekke unger sit og venter på at June skal finne dei rette ingrediensane, slik at vi kan hjelpe til med å lage muffinsane.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

June har funne dei rette ingrediensane, og vi er i full sving med å lage kulinariske muffinser.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er ett stort kjekt leikerom.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Frå leikerommet går det trapp opp til ett anna leikerom.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her på Nipa barnehage har dei leikerom i alle etasjer.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg gir Lillian ei hjelpande hand med å kle på gjengen før dei skal ut å leike seg.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg hjelper Jorunn litt med påkledning av to kjekke karer, som attpåtil er tvillinger.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tvillingane i full aksjon på leikeplassen.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Barnehager som må byggast større, gleder ett gammelt kosebamsehjerte.
Etter at eg var på Nipa barnehage og forska så er tilbygget ferdig, så eg må sikkert ha meg en tur til, for å forske på tilbygget òg.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fullt av barnevogner utfor barnehagen er ett skikkelig godt tegn på at folk på Atløy trives og har god greie på å formeire seg.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Så må eg vandre videre på mi forskningsrunde rundt i Askvoll kommune.
Men først tek eg meg tid til å praktisere litt kosologi med Olga og Evelyn.