Forskning på korleis Atløy skule virker.

Den 10. januar 2014 var eg en tur for å forske på korleis Atløy skule i Askvoll kommune virker.
Etter nøye forskning så fant eg ut at både skulen og alle lærarane og alle elevane virker skikkelig fint.

Her er litt informasjon om Atløy skule, som står på heimesida til Askvoll kommune:
Atløy skule ligg i Sauesund på Atløy. For å kome til skulen må ein ta ferja i omlag eit kvarter frå kommunesenteret Askvoll.
Skulen er ein barneskule og har om lag 50 elevar fordelt på sju steg.
Skulen og barnehagen held til i det same bygget og ligg vegg i vegg med kulturhuset. I kulturhuset ligg gymsal.
Skulen vart bygd i 1998 og har lyse og gode klasserom med garderobar.
Det er bibliotek, datarom sløyd- og handaarbeidsal, samt eit kjøkken som skulen delar med barnehagen.

Skulen har eit flott uteområde med kort avstand til både sjø og fjell. Ei fotballbane i tilknyting til kulturhuset har vi og.



Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.
 


Slik ser Atløy skule ut når eg sit på toppen av fjellet Atløynipa og kikker.
Nærmast er kulturhuset, så kjem skulen, og i bortaste enden er barnehagen.
Så er det idrettsbane og ballbinge og fin natur.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Slik ser Atløy skule ut når eg kjem tuslande for å forske.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Rektor Oddgunn tek godt imot meg. Eg er hjertelig velkommen til å forske så masse eg vil.
Oddgunn flytta frå Mongstad til Atløy i 1995, og her har ho vært sidan. Ei skikkelig fornuftig jente.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her besøker eg 3. - 4- klasse, og lærer litt om Karlsvogna og verdsrommet og sånt.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er litt av 1.-2. klasse, resten av gjengen er på datarommet og putler med sånne EDB-maskiner.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Resten av 1. - 2. klasse, i full sving med å lære om EDB-maskiner.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her besøker eg 5. - 6. klasse.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er 7. klasse. Etter 7. klasse så tar dei ferja over til Askvoll for å gå videre på skule der.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Eg helser på Anja, som er lærerinne her på Atløy Skule. Ho har lært meg litt om skyting òg, for det er Anja ekspert på.
Gutungen hennar, Georg Johnsen, er nemlig en sånn kar som treff alt han skyt på.
Han er både fylkesmester og vestlandsmester og kom på 4. plass på landsskytterstemne, og det har han sikkert etter mora.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her drøser eg litt med nokre av lærerinnene i matpausen, Ein skikkelig kjekk og inkluderande gjeng.
Vi diskuterte skule og slikt, og eg utveksla erfaringer eg har som mangeårig kosolog på Bulandet skule.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Etter matpausen er det gymnastikktime på fotballbana. Flott ballbinge har dei og.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er det inndeling i lag, før dei skal til å spele ett eller anna ballspel som eg ikkje har greie på.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kulturhuset og skulen og barnehagen sett frå fotballbana.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


I kulturhuset er det stor innendørs idrettshall som elevane bruker når det er altfor dårlig vær ute.
I dag var det litt regn og litt kaldt, syntes no eg, men alle elevane var utendørs for det.
Det er berre skikkelige tøffinger her på Atløy skule, men eg er nok litt ekstra hustrig og kald, for egentlig skal bamser ligge i hi på desse tider.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.