Forskning på korleis folk i Askvoll kommune får lys i husa sine.

Den 9. januar 2014 forska eg på korleis folk i Askvoll kommune får lys i lampene sine.
Eg tenkte med meg at lys i lamper og straum til EDB-maskinene og slikt, må komme en plass ifrå, og det måtte eg no forske litt på.
Dei som serverer lys og varme i Askvoll kommune heiter SFE, Sogn og Fjordane Energi, og dei har 4 kraftstasjoner i kommunen.
Utenom SFE så er det en privat kraftstasjon, som heiter Rivedal Kraftstasjon, som leverer 20 tusen volt.
Eg fant ut at alle kraftstasjonane og koblingsstasjonane til SFE virker skikkelig fint, og dei som jobber der virker skikkelig fint dei òg.
Rivedal Krafstasjon skal eg forske på seinere, pluss dei som heng oppe i alle stolpane og kobler til lys og slikt.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.

Eg er innom kontoret til baseleier Svein Nordeide for å fortelje at eg vil forske på korleis folk i Askvoll kommune får lys i lampene sine.
Det lover han å vise meg, men eg får ikkje lov å gå inn i kraftstasjoner eller koblingstasjoner uten hjelm og vernebriller.
Det har eg glømt igjen heime, men eg har ei god venninne som har butikk med alt muligt rart, så kanskje ho kan hjelpe meg.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg er innom Marianne på Flügger for å høyre om ho har hjelm og vernebriller som passer til meg.
Etter litt fintenking så fant ho akkurat det eg trengte.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Hjelm og vernebriller er iorden, og eg og Svein er klar til å reise til koblingstasjonen på Ringstad,
der står den viktigaste transformatoren i Askvoll kommune.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er viktigaste transformatoren i Askvoll kommune.
Her kjem det inn 66 tusen volt frå Fossedalen Kraftstasjon i Fjaler kommune, og så vert det transformert ned til 22 tusen volt,
og spredd til alle lampene i Askvoll kommune.
Vert det feil på denne transformatoren så blir det svart i heile kommunen.
I alle fall ei lita stund, for det går an å få 20 tusen volt på linja frå den private kraftstasjonen i Rivedal.
Litt mindre, men er alle litt forsiktige og ikke har lys i alle lampene sine, så går det fint.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her kjem 22 tusen volt frå transformatoren, i dei farga kopperrøyra.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er det mykje spenning inne, så best å være forsiktig.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Masse skumle dubbeditter.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Svein har åpna døra så eg får forske litt bedre, men eg må halde meg på trygg avstand.
I dei brune røyra er det brytere som kan koble ut straumen vist det skulle bli en kortslutning eller en sånn grønn overledning, eller ka det no heiter.
Så er røyra fyllt med olje, så det ikkje skal gnistre og sånt.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

I den grå boksen vert spenningen i kabelen målt. Det kjem kabel inn frå transformatoren, og så går det gjennom bryter røyret,
og videre i dei farga koperrøyra.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her i dibbeduttane som heng fast i veggen vert strømmen i i dei 22 tusen volta målt.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her kan vi lese av strøm og spenning som kjem frå Fossedalen Kraftstasjon, før det vert fordelt ut til 3 forskjellige linjer som går ut frå
koblingstasjonen på Ringstad.
Ei linje til Rivedal og Holmedal, ei linje til Askvoll og Stongfjorden, og ei linje til Atløy, Værlandet og Bulandet.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her viser heile fordelinga.
Til venstre er kraft inn frå transformatoren.
Øverste blå streken til høgre går til Askvoll og Stongfjorden, den andre går til Atløy, Værlandet og til lampene der eg bur, på Bulandet Skule,
den tredje går til Rivedal og Holmedal, og den nederste er reserve.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Berre så alle veit det, sånn i tilfelle nåken skulle skrive stygt om meg på EDB-maskina si,
så veit eg nøyaktig ka slags bryter eg skal vri på for at EDB-maskina skal bli helt svart.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er kontrollrommet. Før i tida var det folk her heile tida, men no er kontrollrommet fjernstyrt frå Sandane eller frå Florø.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er ett skap for kver linje siom går ut, pluss ett skap i reserve. Nærmast er skap for linja inn frå transformatoren.
Alt det her var sett i drift 5. desember 1982, nøyaktig klokka 18:00.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

I tillegg til alle skapa så står det en liten puslete transformator for seg sjølv.
Den transformerer ned dei 22 tusen volta til 230 volt, slik at dei kan får lys og varme her på Ringstad koblingstasjon.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er den aller viktigaste stolpen i Askvoll kommune.
Her kjem 66 tusen volt frå Fossedalen, så går det ned i kabel til transformatoren.
Så kjem det kabel tilbakers frå koblingstasjonen med 22 tusen volt, som sprer seg utover til alle lampene i Askvoll kommune.
Vist nåken sager ned denne stolpen så vert det helt svart i heile kommunen, og det vert svart ei god stund.
Då kan en nemlig heller ikkje få tak i dei 20 tusen volta frå den private kraftstasjonen i Rivedal.
Kjenner du en terrorist så må du ikkje fortelje om den stolpen her, for den er skikkelig viktig.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

No har eg forflytta meg til Øvre Markevatn kraftstasjon, på veien opp til Skjerlia. Det ligg og sjølvsagt i Askvoll kommune.
Her ligg største kraftstasjonen i kommunen. Her helser eg på han som passer på straumen her, og han er sikkert spesiallaga for jobben,
for han heiter Arild Straume.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Slik ser den største kraftturbinen i Askvoll kommune ut.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

I røyret som kjem inn til kraftturbinen går det 5000 liter vatn i sekundet.
Kraftturbinen er inne i den røde boksen, og produserer 5 Megawatt, og i dag går den for fullt.
Kraftturbinen her er frå 2007, men den første dei bygde her blei bygd i 1938.
No skal det snart byggast to nye slike turbiner, det foregår utbygging lenger oppe i lia.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er en skjerm som viser kor mykje kraft som vert produsert, og dei forskellige kraftverk og vassdrag vatnet kjem frå.
Det til venstre er en kraftstasjon i Høyanger.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Alle kraftvassdrag og kraftstasjoner i Askvoll kommune.
I tillegg har vi den private kraftstasjonen Rivedal kraftverk.
Det er 25 grunneigere som har gått ilag om å bygge Rivedal Kraftverk, og den blei bygd i 2004.
At 25 grunneigere blir såpass einig at dei bygger ett kraftverk, er no en vel så stor prestasjon som å bygge kraftverk
Men sånn er det i Askvoll kommune, her blir vi einig om det meste.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På skjermen kan en og sjå nivået i alle vatn som fører vatn til kraftstasjonane.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er Øvre Markevatn kraftstasjon og Øyravatn.
Vatnet her går vider ned til endå en kraftstasjon nede ved sjøen. Det er Nedre Markevatn kraftstasjon.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her går alle 5 Megawatta ut av kraftstasjonen og ned til koblingsstasjonen, som ligg ved veien der en svinga opp til Skjerlia.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Røyret som frakter vatn ned til kraftturbinen.
Røyret blei bygd i 1938, og er helt orginalt, har berre fått litt maling på seg av og til.
Dei viste å lage kvalitet stål i dei dager.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er eg ved Markevatn som leverer vatn ned til Øvre Markevatn kraftstasjon.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Koblingstasjonen som ligg der en svinger av til Skjerlia.
I betonghuset til venstre kjem dei 5 Megawatta frå Øvre Markevatn kraftstasjon inn. Så går det videre i ei linje til Grov Kraftstasjon i Florø,
og ei linje til Fossedalen Kraftstasjon i Fjaler Kommune.
Frå Fosssedalen går det tilbakers til koblingstasjonen på Ringstad, og så videre ut til alle lampene i Askvoll kommune.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nedre Markevatn Kraftsjasjon, som får vatn frå Øyravatn.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg sit ved Nedre Markevatn Kraftstasjon og drøser med en kar som prøver fiskelykka.
Det er masse fisk her, men best å være forsiktig. Ramler du uti her, så ligg du tynt an.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kraftstasjonen i Stongfjorden, bygget i venstre enden av den lange bygningen, som engang i tiden var aluminiumsverk.
Her kjem det vatn frå Stongsvatn.
Den første kraftstasjonen her blei bygd i 1907, for å gi kraft til aluminiumsverket. Då kom vatnet ned i røyr oppå bakken frå husen en ser oppe i lia.
No ligg røyra nede i bakken, og kraftstasjonen blei sist ombygd i 1993.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Stangsvatn som serverer vatn til kraftstasjonen i Stongfjorden.
Når den første kraftstasjonen blei bygd i 1907 budde det folk fast her oppe.
Då blei vatnet regulert av damvokteren, som åpna lukene ved å vri på ei sveiv.
I andre enden av Stongsvatn ligg Oslandsbotn Kraftstasjon.