Forskning på Askvoll Skiltgravering på Olset, i Askvoll kommune

Den 6. januar 2014 hadde eg meg en tur for å forske på korleis Askvoll Skiltgravering virker.
Askvoll Skiltgravering ligg på en plass i Askvoll kommune, som heiter Olset.
Alle slags skilt og logoer, i alle slags former og fasonger, på alt frå syrefast stål til plast og lær, kan du få gravert her.
Har du en eller anna dibbedutt som du skal gi vekk som presang, så kan du berre stikke inn her, og få gravert navn på den foreksempel.
Her kan du lese meir om ka dei putler på med på Askvoll Skiltgravering:
http://askvollskiltgravering.no
Eg fant ut av både Judith Nesberg Gjervik og Øyvind Undertun og Askvoll Skiltgravering virker skikkelig fint.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.



Askvoll Skiltgravering ligg her på Olset, i Askvoll kommune.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg framme, og klar til å starte forskning på høgt plan.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sjefa, Judith Nesbeg Gjervik, tek imot meg med åpne armer og godt humør. Eg skal få forske på skiltgravering så masse eg vil.
Judith starta Askvoll Skiltgravering i 1989, så ho har skikkelig lang erfaring med å lage fine skilt.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her helser eg på Øyvind Undertun som jobber her. Det er ikkje berre graverte skilt dei lager her, på skjermen har han fått tilsendt en sånn logo,
som dei og lager.
Omtrent alt som går an å hengaste på en vegg, kan dei lage her, dei er skikkelig avanserte her på Askvoll Skiltgravering nemmelig.
Det er berre å sende bilde av nøyaktig korleis du vil ha skiltet eller logoen din, på EDB- maskina, og så lager Øyvind eller Judith en tru kopi.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her viser Judith meg den logoen som Øyvind hadde på skjermen sin. En skikkelig fin logo blei det.
Eg glømte å spørje kem som skal ha logoen, men eg skal no følge med, så eg klarer sikkert å forske meg fram til det etter kvert.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Judith viser meg ei skikkelig avansert maskin, som kan gravere i syrefast og rustfritt stål.
I tillegg får skiltet ekstra spesialbehandling, sånn at maling og lakk heng på skiltet i evig tid omtrent.
Sånne skilt er skikkelig populære i skipsindustrien og oljeindustrien, og ellers andre plassa dei skal ha skilt i røffe miljø.
Når ett skip vert så gammelt at det ruster helt vekk, så vil det einaste som er igjen, like fint, være skiltet frå Askvoll Skiltgravering,
er eg helt sikker på.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er ei maskin som lager tekst og symbol på folio, som kan limast på en vegg eller en bil eller en båt eller kor som helst du har lyst
å ha litt tekst og symbol.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Judtih viser meg en haug med småskilt dei nettopp har laga.
Ikkje nok med at dei lager skilt, vist du vil, så set Judith og Øyvind seg i bilen, og reiser for å montere dei òg.
Dei har foreksempel nettopp vært på sykehuset i Førde og montert masse skilt som dei har laga.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eksempel på forskjellige skilt.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Øyvind viser med endå ei graveringsmaskin. Så lurer han på om ikkje eg burde ha meg ett navneskilt eg òg.
Det syntes eg hørtes lurt ut, for då kan folk sjå at det er meg som kjem for å forske.
Det er dumt å verte forveksla med kem som helst slags bamse som kjem tuslande innom, i alle fall vist bamsen er av den skumle kjøttetande sorten.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Øyvind tek mål av meg, for å få skiltet i rett størrelse.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her gjer Øyvind klar graveringsmaskina, slik at den freser teksten med passelig størrelse.
Han har laga tekst og slikt på EDB-maskinen sin, og sendt det avgårde til graveringsmaskina her, slik at den er helt klar til å begynne å frese.
Den må berre får en ny sånn spiss som kan frese små bokstaver som passer til meg.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så limer Øyvind på ei fin nål, slik at eg kan feste skiltet på T-skjorta mi.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sånn, på ett blunk har eg fått meg flunkande nytt navneskilt. Jamme er dei effektive og flinke her på Askvoll Skiltgravering.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Det er ikkje berre vanlige skilt dei lager, du kan få gravert tekst på omtrent ka som helst.
Helle Knivfabrikker er blandt anna fast kunde, og får både kniver og slirer gravert her.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Til og med helt nord til Svalbard sender dei skilt.
Skulle du eingong svinge innom Longyearbyen, sånn i forbifarten, og kjøpe det en souvenir som på bildet her, så er skiltet gravert av
Øyvind eller Judith her på Askvoll Skiltgravering.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er endå meir eksempel på graverte skilt og dibbedutter.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er ett skilt eg kunne tenkt meg. Det står "Opptatt" på eine sida, og "Ledig" på andre sida, så er det berre å flytte over ei lita plata,
og så kan folk sjå om du er ledig eller opptatt.
Ett sånt skulle eg hatt på kontordøra mi, når eg vil ha fred frå maset til manageren min.
Men eg får ta det i prioritert rekkefølge.
Først må eg få meg ei kontordør, og så må eg få meg ett kontor å henge døra på, før eg får skilt til å henge på døra.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så må eg der å forske videre på korleis andre saker og ting i Askvoll kommune virker.
Eg takker Judith og Øyvind for skilt og omvisning og ett kjekt besøk.
Judith og Øyvind er like smilande og blide begge to, og eg er hjertelig velkommen tilbakers for å forske meir.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.