Forskning på korleis Askvoll Sjømat & Delikatesser virker.

Den 6. januar 2014 hadde eg meg en tur for å forske på korleis Askvoll Sjømat & Delikatesser AS virker.
Tvillingane Eirik og Helge Loftheim, og kona til Helge, Inger Johanne Loftheim, starta Askvoll Sjømat & Delikatesser sommeren 2010.
Eirik og Helge er opprinnelig frå Askvoll kommune, og har jobba i 10 år som sånne delikatessekokker borte på en plass som heiter Oslo.
Blandt anna var Helge kokkelærling på ett hotell som heiter Hotel Continental, det var Inger Johanne også.
Inger Johanne skjønte ikkje dialekten til Helge, så ho berre smilte og sa ja til alt han sa og spørte om.
Det viste Helge å utnytte, så nå er dei gift og Inger Johanne har havna i Askvoll kommune og starta butikk.
Det er ho godt fornøgd med kunne ho fortelje.
Stine Alise Lervåg er nylig ansatt som kokk, etter å ha vært kokk ute i den store skumle verden i 5 år.
Så tok ho med seg kall og barn og flytta heim til trygge Askvoll kommune.
Eg fant ut at både Askvoll Sjømat & Delikatesser, og dei som jobber der, virker skikkelig fint.
Så må det være ekstra fornuftige folk som jobber der, siden dei har flytta til Askvoll kommune etter å ha vært ute og testa den skumle
verden først.

Det står tekst under kvart bilde.

Tilbakers til framsida.



Her ligg Askvoll Sjømat & Delikatesser, i ett gammelt hus som eigerane av delikatessebutikken har pussa opp sjølv.
Utendørs er det sitteplass til 18 stykker, og dei har fullt skjenkeløyve til å servere alt frå bamsebrus til voksenbrus.
Men det er no rimeligvis på sommertid det er mest folk utendørs her då.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her har eg komme meg innendørs og i armane til Inger Johanne, for å forske litt på ka ho putler på med.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Når eg først er innom for å forske litt, så kan eg nå like godt hjelpe til litt i samme slengen.
Her hjelper eg Stine Alise og Inger Johanne med å steike fiskekaker. Fiskekaker er en av dei tinga del sel mest utav.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Litt prøvesmaking får eg tid til også, innimellom all forskninga mi.
Eg skjønner godt at fiskekakene er populære, dei smakte skikkelig sånn kulinarisk.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Nybakte brød og boller i alle varianter lager dei kver dag. Inger Johanne er nett ferdig med å steike brød.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Dei lager masse matvarianter her på Askvoll Sjømat & Delikatesser AS.
Her hjelper eg Inger Johanne med å lage brett med ferdig middagsmat.
Det er sjølve butikken som er drivkrafta i bedriften, men dei lager ferdig middagsmat og driv på med sånn catering i tillegg.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Inger Johanne frister meg med en nystekt bolle, og slike fristelser har eg aldri prøvd å motstå.
Når det gjeld god mat og fine jenter, så har eg aldri skjønt vitsen med å motstå fristelser liksom.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Frukosten er bjerga.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Huset der butikken held til, er over hundre år gammelt og trudde nok at det hadde sett sine beste dager før Inger Johanne, Helge og Eirik tok over.
No har gjengen pussa opp heile huset og flytta inn. Eirik øverst, Inger johanne og Helge i midten, og Askvoll Sjømat & Delikatesser AS underst.
Sommeren 2010 åpna butikken, og det er alle vi i Askvoll kommune glad for, pluss alle andre som stikk innom for å få seg litt delikatesser.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Det var landhandel og bakeri i huset i gamle dager òg, denne plakaten hang på veggen då.
No heng plakaten på veggen i Askvoll Sjømat & Delikatesser, og husets lange tradisjon med god kundeservice fortset inn i framtida.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Inger Johanne viser meg diplomen dei vant i 2013, då kom dei på andre plass som årets gründer i Sogn og Fjordane.
Inger Johanne kjem opprinnelig frå periferien borte på Østlandet, Asker heiter det vist.
Ho og Helge jobba i lag på Hotel Continental i Oslo. Helge hadde en sånn dialekt som Inger Johanne ikkje helt forstod,
så ho smilte og sa ja til alt han sa.
Alt det medførte at ho blei gift med han, og blei med til Askvoll kommune for å starte delikatesse butikk.
Ei skikkelig drømmedame i mine auger.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Endå en diplom dei har fått, dei blei kåra til Askvolls beste ambassadør 2013.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er litt utvalg i alskens delikatesser for enkver smak.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er endå en av bestselgerane i butikken, ferdiglaga desserter. Eg kjøpte med meg nåke som heiter pannacotta for å finne ut ka det er.
For en bamse som stort sett, berre er vant med honning, så er det greit å skjeie ut av og til, og prøve mat med mystiske navn som eg aldri
har smakt før.
Det var skikkelig godt, så eg har funne ut at eg skal sjeie ut litt oftare.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er disken med dagens ferske sjømat og delikatesser. Eg kom så tidelig på morningen at dei ikkje hadde fått sett ut alt ennå.
Eg har masse forskning på programmet, så eg må starte tidlig på morningen nemmelig.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Vestkystsalaten har komme på plass, og det er en av dei delikatessene som folk er ekstra ville etter.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her studerer eg desserter og oster og pålegg, og nåke som eg finn ekstra interessant, fårekjøtt. Det har eg nemlig hørt at bamser liker godt.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Huset's marinerte lam, det må no berre være skikkelig næringsrik og god bamsemat.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Inger Johanne har funne fram ett passelig stykke med marinert lam til meg. Den skal brunast i panne, og stå i bakerovnen i 17 minutter på 200 grader,
og så kvile under folie i 10 minutter, fortel Inger Johanne.
Det skal eg prøve med en gong eg kjem heim.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her er eg og dei 4 kokkane som jobber på Askvoll Sjømat & Delikatesser AS, meg i midten. I tillegg jobber Julia Lubomska her som ekstrahjelp,
men ho var ikkje her når eg var på forskningsbesøk.
Frå venstre står Eirik Loftheim , Helge Loftheim, Alfred Bamse, Inger Johanne Loftheim og Stine Alise Lervåg.
Eirik og Helge er tvillinger, og Helge og Inger Johanne er gift, og Eirik, Helge og Inger Johanne starta butilkken.
Stine Alise er nylig ansatt, og då tok ho meg seg kall og barn og flytta tilbakers til Askvoll kommune.
I tilegg til masse god sjømat og delikatesser, så er det berre fornuftige og kjekke folk her på Askvoll Sjømat & Delikatesser.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kjekke og fornuftige kunder er det her på Askvoll Sjømat & Delikatesser AS og. Øystein og Andreas er innom en tur.
Andreas er mest interessert i nasen min, men det er sikkert fordi han kjenner luft av kulinariske kanelboller og fiskekaker som eg har hivd i meg
under forskninga mi.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Så har eg komme meg heimigjen, og koser meg med "Huset's marinerte lam".
Skikkelig godt var det.
Eg skjønner meg ikkje på dei der bamse slektningane mine, som spring rundt i skogen for å fange sau, som attpåtil er rå og full av ull og
slitsom å få tak i.
Det er mykje bedre å reise på Askvoll Sjømat & Delikatesser AS for å få sauen ferdig marinert.
Eg er litt flau av dei der primitive slektningane mine.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tilbakers til framsida.